Kriminaltekniker Politibetjent 3/2 ledige stillingar i Førde og Bergen – FEE-Seksjon for kriminalteknikk og digitalt politiarbeid, Vest politidistrikt
Security and readiness Politi, fengsel og toll(1 week ago)
Job Description
Published 16-03-2025
Deadline: 01-04-2025
Kriminaltekniker Politibetjent 3/2 ledige stillingar i Førde og Bergen
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for kriminalteknikk og digitalt politiarbeid, Avsnitt for kriminalteknikk, er det for tida ledig eit antall faste stillinger som politibetjent 3/2. med funksjon som krimteknikar. Den eine stillinga skal plasserast i Sunnfjord, fortrinnsvis i Førde. Søkjarar må angi kvar dei ønsker oppmøtestad.
Avsnittet forvaltar fagansvaret for kriminalteknikk i Vest politidistrikt. Avsnittet har 16 tilsetje i Bergen og Førde og i tillegg ei fast hospitantordning. Avsnittet er framoverlent og er prega av ein fagleg høg standard med fokus på utvikling. Tilsetje deltek i ulike prosjekt som fremjar innovasjon og utvikling innan det kriminaltekniske fagfeltet både nasjonalt og internasjonalt.
Det må påreknast noko reiseverksemd i distriktet då avsnittet har distriktsovergripande ansvar for kriminalteknikk. Avsnittet har beredskapsvakt utanom kontortid med åstadskoordinator og åstadsgranskar (kriminalteknikar). I perioder er det høg arbeidsbelastning i form av lange dager og sterke inntrykk.
Ein tek atterhald om at det kan skje endring med tanke på omstilling.
Har du lengre erfaring frå kriminalteknikk? Sjå utlysning for stilling som politioverbetjent/politiførstebetjent: 4871242141
Arbeidsoppgåver
- Undersøkje og dokumentere åstader, personar og spor
- Sikre materiale og gjennomføre innleiande og følgje opp undersøkingar av sikra materiale
- Bistå etterforskarar/etterforskingsleiinga i vurderinga av behov for vidare sakkunnige undersøkingar
- Utarbeide nødvendig kriminalteknisk dokumentasjon for å få klargjort saka best mogleg
- Framføre resultata for domstolane der tiltale vert teken ut
- Sørgje for at sporsikring og dokumentasjon blir vareteken ved sakkunnige undersøkingar
- Beredskapsvakter må påreknast
- Andre oppgåver pålagd av overordna
Kvalifikasjonar
Nødvendig
- Vitnemål frå Politiskolen/Politihøgskolen Vedlagde karakterskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknaden
- Tilfredstille dei generelle kompetansekrava til politibetjent 3 eller politibetjent 2
- Politifagleg erfaring innan etterforsking
- Kunnskap om HMS
- God kjennskap til oppgåvene og utfordringane i politiet
- God munnleg og skriftleg framføring
- Beherske både norsk og engelsk skriftleg og munnleg
Ønskeleg
- Erfaring innan kriminaltekniske gjeremål
- Gjennomført kriminalteknikk, Modul 1 frå PHS eller tilsvarende
- God digital kompetanse, med evne til å setje seg raskt inn i nye system
Personlege eigenskapar
- Resultatorientert med evne til å ta avgjerder, ha god gjennomføringsevne og ha mot til å stå for eigne og overordna avgjerder
- Tolmodig og oppteken av nøyaktighet
- Gode samarbeidsevner og kunne bidra til å skape samhald og eit godt arbeidsmiljø vert vektlagt
- Evne til god kommunikasjon og relasjonsbyggjing
- Robust i forhold til stress, høg arbeidsbelastning og sterke inntrykk
- Kreativ, pragmatisk og løsningsorientert
- Samfunnsorientert med evne til å tenkje heilskap og forstå eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet
Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her:
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stillinga blir lønna som politibetjent 3/2 med funksjon som krimteknikar:
- Politibetjent 3 (stillingskode 1461) frå kr. 640 000,-
- Politibetjent 2 (stillingskode 1459) frå kr. 530 000,-
- Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Les mer på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Saks.nr: 25/46503
Kontaktinformasjon
Kjell Erik Bjørvik, Avsnittsleiar, 93262630
Odd Arve Solvåg, Seksjonsleiar, 57758835
Spørsmål om elektronisk søknad/ CV, Seksjon for HR, 207.HR@politiet.no
Arbeidssted
Hafstadvegen 51
6800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistrikt
Referansenr.: 4923115936
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | FEE-Seksjon for kriminalteknikk og digitalt politiarbeid, Vest politidistrikt orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vest politidistrikt |
Webside | www.politiet.no/jobb |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Politi, fengsel og toll |
Sted | FØRDE (Adresse: Hafstadvegen 51 Postnr: 6800) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 4 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 01-04-2025 |