Kreftsjukepleiar – Onkologisk post Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Health and social care Nurse

(2 days ago)

  • ÅLESUND
  •  Post Date: 19. December 2024
  •  Expire date: 2. January 2025
Job Description

Published 19-12-2024
Deadline: 02-01-2025

 

Kreftsjukepleiar

Velkomen som søkjar til stilling som kreftsjukepleiar på Kreftpoliklinikken og Sengepost for kreft og blodsjukdomar!

Dette er stillinga for deg som ønskjer å utvikle deg som fagperson og menneske. Vi arbeider i eit svært spennande og givande fagområde der det er stor moglegheit for å fordjupe seg spesielt innan medikamentell kreftbehandling. Vi søkjer deg som likar å arbeide sjølvstendig, er framtidsretta og innovativ.
Vi har ledig 1 fast kombinert stilling på 100 % totalt, derav 50 % er i kreftpoliklinikk og 50 % i sengepost. Stillinga inneber arbeid kvar tredje helg.
Intern omrokkering kan gi andre ledige stillingar. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål knytt til stillinga.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.   

Arbeidsoppgåver

  • Som sjukepleiar i sengeposten har ein ansvar for å yte avansert sjukepleie til kreftpasientar. Eksempel på dette er pasientar som får medikamentell kreftbehandling, strålebehandling og palliativ behandling. Ein jobbar heilheitleg og tverrfagleg i forhold til behandling, symptomlindring, informasjon, koordinering av tenestar, omsorg og støtte.
  • I kreftpoliklinikken har ein eit utvida ansvar for å administrere medikamentell kreftbehandling (cellegift, immunterapi og antistoff) samt oppfølging og vurdering av pasientar under behandling. 

Kvalifikasjonar

  • Offentleg autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i kreft
  • Det er ønskeleg med erfaring innan medikamentell kreftbehandling
  • God evne til å handtere kombinasjonsstiling
  • Interesse for arbeid knytta til pasientsikkerheit og forbetringsarbeid
  • God IKT-kompetanse
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er pasientorientert og framtidsretta
  • Du viser fagleg engasjement i ditt arbeid
  • Du er fleksibel, initiativrik og endringsvillig
  • Du arbeider strukturert, er ryddig og nøyaktig
  • Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø og har god evne til samarbeid

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Liv Bodil Angvik Ipsen, Seksjonsleiar, +47 70106985, Liv.Bodil.Angvik.Ipsen@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4893979994
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Onkologisk post Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: 974747138
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 5 Postnr: 6017)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6bce039a-9458-4e78-904b-a4d7b116cc4a
IMPORTAPI