Job Description

Published 23-09-2024
Deadline: 25-10-2024

 

Køyre- utrykkingsinstruktør

Om stillinga 

Køyreskulen Helse Vest søker køyre- og utrykkingsinstruktør for tilsette i ambulansetenestene i helseføretaka. Vi ser etter deg som har kompetanse og erfaring som køyreinstruktør innan utrykkingskøyring, pedagogiske evne og er opptatt av god opplæring og sikkerheitskultur. Vi søker deg som vil bidra til å utvikle køyreskulen i Helse Vest. 

Som køyre- og utrykkingsinstruktør vil du, i tillegg til køyreopplæring, få moglegheita til å utvikle faget saman med dei andre tilsette i køyreskulen. Stillinga er knytta til Helse Vest køyreskule med Helse Førde som primær dekningsområde, men også kurs- og vedlikehaldstrening i dei andre føretaka i Helse Vest. Ein del reiseaktivitet må difor påreknast.

Stillinga som køyre- og utrykkingsinstruktør må kombinerast med fast operativ stilling i ambulansetenesta, fortrinnsvis i Helse Førde. 

Kort om Køyreskulen 

Helse Bergen har ansvar for å drifte køyreskulen i Helse Vest, som ligg organisert i Akuttmedisinsk avdeling. Helseføretaka i Helse Vest er brukarar av køyreskulen kor over 1000 tilsette skal ha regelmessig vedlikehaldstrening delt over heile regionen kvart år.  

Køyreskulen gjennomfører årleg fire grunnkurs i utrykkingskøyring i Bergen (kode 160). Køyreskulen har i dag fire instruktørar, i tillegg til skulesjef og disponerer sju skulevogner (utrykkingsbilar) av typen Volvo V90.

Arbeidsoppgåver

  • Vedlikehalde utrykkingskompetanse blant ambulansetilsette
  • Evaluering av ferdigheiter: Vurdere kandidatane sine prestasjonar. Gjennomføre praktiske og teoretiske testar for å vurdere ambulansetilsette sine ferdigheiter og kunnskap
  • Oppdatering av kunnskap: Lov, forskrift og retningslinjer og teknologiar som påverkar utrykkingskøyring
  • Tilbakemelding og rettleiing: Gje konstruktiv tilbakemelding og rettleiing for å forbetre sjåførane sine prestasjonar
  • Tryggleiksopplæring: Fokusere på tryggleiksaspekt ved utrykkingskøyring, inkludert risikovurdering og handtering av stress
  • Bevisstgjere tilsette om tryggleikskultur og god HMS
  • Simulering: Bruke erfaring og simulering for å trene tilsette i ulike situasjonar og scenario
  • Dokumentere kompetanse og ferdigheiter
  • Gjennomføre grunnkurs i utrykkingskøyring i tråd med læreplan
  • Utvikling av kursmateriell: Utarbeide og oppdatere undervisningsmateriell og treningsprogram for å sikre at dei er oppdaterte og relevante
  • Utvikle retningslinjer og prosedyrar, formidle kunnskap til tilsette og kollegaer i tenesta

Kvalifikasjonar

  • Utdanning og autorisasjon som utrykkingsinstruktør
  • Minimum 5 års erfaring med tilsvarande 50% stilling som køyreinstruktør
  • Minimum autorisasjon som Ambulansearbeidar eller tilsvarande
  • Førarkort klasse B og C1
  • Minimum 5 års erfaring frå operativ ambulanseteneste
  • Erfaring med utvikling av rutinar og prosedyrar
  • God IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Microsoft 365 eller tilsvarande)
  • Må meistre norsk språk godt, både munnleg og skriftleg
  • Plettfri vandel. Vandelsattest må leggast fram før tilsetting
  • Helseattest klasse D1- Ikkje eldre enn 6 månader
  • Må ha gjennomført og bestått opptak i regi av Helse Vest køyreskule

Personlege eigenskapar

  • Gode pedagogiske evner
  • Tilpassingsdyktig mot ulike aldersgrupper, erfaringsnivå og menneskelege behov
  • Ansvarsbevisst, påliteleg, serviceorientert og fleksibel
  • God fysisk og psykisk helse
  • Trygg på deg sjølv, evnar å skape gode relasjonar og klarer å stå i avgjerder
  • Tar ansvar og trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø
  • Du arbeider strukturert og strategisk samstundes som du er fleksibel
  • Arbeider godt både sjølvstendig og i team, og kan ta eige initiativ
  • Kan både få og gi tilbakemeldingar når det er nødvendig
  • Handlekraftig, lojal, robust og inkluderande
  • Gode evner til saksførebuing og skriftleg framstillingsevne

Vi tilbyr

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og resultatorientert arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst og funksjonstillegg som køyreinstruktør
  • Gode turnusordningar. Køyreskulen brukar årsplan
  • Oppstart frå medio februar 2025 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Tommy Nybakk, Ass. Avdelingssjef, 41929290, tommy.nybakk@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4862586905
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 10.02.2025
Søknadsfrist: 25.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kirurgisk serviceklinikk/ Akuttmedisinsk avdeling, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5009)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 10-02-2025
Søknadsfrist 25-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/451f7b42-6f27-4f99-8ba9-24f6cd1ccf0b
IMPORTAPI