Koordinator tidleg innsats – Volda kommune

Security and readiness Politi, fengsel og toll

(24 hours ago)

  • VOLDA
  •  Post Date: 30. October 2024
  •  Expire date: 11. November 2024
Job Description

Published 30-10-2024
Deadline: 11-11-2024

 

Koordinator tidleg innsats

Har du engasjement for tidleg innsats og fokus på familieperspektivet i møte med barn, unge og familiar som treng ekstra støtte? Då kan det vere deg vi ser etter.

I 2022 starta Volda kommune innføring av BTI-modellen (Betre Tverrfagleg Innsats), og dette utviklingsarbeidet går no over i implementeringsfasen. Frå januar 2025 etablerer kommunen ein ny seksjon som skal følge opp veiledar for psykisk helsearbeid barn og unge. Saman med helsestasjonen vil denne seksjonen utgjere avdeling Barn og familie, som er er ei tverrfagleg samansett avdeling med helsesjukepleiar, jordmor, psykolog, foreldre- og ungdomsrettleiar og familieterapeut. Koordinator tidleg innsats vil vere plassert i den nye seksjonen.

Stillinga er ledig frå 01.12.24, og vi ynskjer snarleg oppstart.

Arbeidsoppgåver

  • Følge opp, koordinere og kvalitetssikre BTI arbeidet
  • Gjennomføre, rapportere og følge opp “Ung-data” undersøkinga
  • Koordinere, kartlegge og yte teneste inn mot barn, unge og familiar med behov for tiltak i den nye seksjonen

Arbeidsoppgåvene vil kunne bli endra.

Kvalifikasjonar

  • relevant høgskuleutdanning gjerne innan helse- eller sosialfag
  • relevant kompetanse innan rus, psykisk helse eller tidleg innsats kan vere ein fordel
  • erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar kan vere ein fordel
  • god digital kompetanse
  • god framstillingsevne både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Har interesse og engasjement for barn, unge og familiar
  • Ser verdien i god førebygging og tidleg innsats
  • Har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Er positiv, strukturert og utviklingsorientert
  • Har evne til å etablere gode relasjonar
  • Er fleksibel og endringsvillig

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen.

 

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling som krev høg grad av samskaping med brukarar, andre tenester og fagfelt
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Eit tverrfagleg og utviklingsorientert arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning
  • Løn etter gjeldande avtaleverk

Vi ber om at søkjar lastar opp vitnemål og attestar og legg dette ved søknaden i webcruiter.

I samsvar med offentleglova § 25, har søkjar høve til å be om unntak frå offentleg søkjarliste. Dette må grunngjevast i søknaden. Søkjaren sine behov vil bli vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om innsyn. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjar bli kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste blir utforma.

Kontaktinformasjon

Kari-Janne Ljones Kulø, Prosjektleiar/ Leiar avdeling barn og familie, +47 99435473, kari.janne.kulo@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Stormyra 2
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 4875176580
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Volda kommune orgnr: 974007711
Kort om arbeidsgiver

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Webside http://www.volda.kommune.no/
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Politi, fengsel og toll
Sted VOLDA (Adresse: Stormyra 2 Postnr: 6100)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 11-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/246a6eb6-4461-45d4-b682-eead1451daef
IMPORTAPI