Koordinator for FORUM FOR OPPVEKST I SUNNHORDLAND – Sveio kommune
Kontor og økonomi Kontor, forvaltning og saksbehandling(5 days ago)
Job Description
Published 11-03-2025
Deadline: 01-04-2025
Koordinator for FORUM FOR OPPVEKST I SUNNHORDLAND
Om stillinga
Forum for Oppvekst i Sunnhordland (FOS) er eit regionalt samarbeidsorgan innan oppvekstsektoren for kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Sveio.
FOS har til føremål å fremja læring og utvikling for barn og unge, ved å samarbeida om oppgåver innanfor oppvekstsektoren. FOS skal leggja til rette for samhandling og kompetansetiltak på tvers av kommunegrensene. FOS-samarbeidet er kjenneteikna av tett samarbeid mellom medlemskommunane og andre eksterne aktørar som t.d. høgskular, statsforvaltar, andre regionsamarbeid, mfl.
Me har ledig opp til 60% stilling frå 01.08.2025. . Det kan vera mogleg å kombinera stillinga med noko ein har eller auka opp til 100% etter avtale i den kommunen ein blir tilsett i.
Koordinatoren vil ha ei operativ, praktisk og organiserande rolle der ein mellom anna vil ha ansvar for å støtta og driva prosessar i FOS.
Arbeidsoppgåver
Koordinera all verksemd i FOS i tett samarbeid med styringsgruppa og dei andre undergruppene
· Vera pådrivar og planleggja, følgja opp, evaluera og vidareutvikla kompetanseordningane i FOS
· Vera bindeledd og relasjonsbygger opp mot eksterne samarbeidspartar
· Bidra aktivt til å utvikla gjensidige og forpliktande partnarskap i regionen
· Budsjett og økonomioppfølging i FOS-samarbeidet
Fast arbeidsstad og formell arbeidsgjevar vert avtala ved tilsetjing og vil ta omsyn til den tilsette sin bustad og ønskjer. Alle dei seks kommunane i samarbeidet kan vera aktuelle som arbeidsstad/arbeidsgjevar. Den som vert tilsett må rekna med noko reiseverksemd.
Kvalifikasjonar
· Søkjar må ha høgare utdanning
· Det er ein fordel om du har erfaring frå offentleg sektor, gjerne oppvekstsektoren
I tillegg til formell kompetanse og erfaring vil det også bli lagt vekt på at søkjaren er personleg eigna til stillinga.
Me ynskjer ein koordinator som
· tar ansvar, er sjølvstendig, initiativrik og har god gjennomføringsevne
· formulerer deg godt, både skriftleg og munnleg
· har gode samarbeidsevner og relasjonelle ferdigheiter
Vi tilbyr
· Spennande oppgåver i samspel med utviklingsorienterte kommunar
· Fleksibel arbeidstid
· Offentleg pensjonsordning
· Løn etter avtale
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Sveio kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Sunnhordlander eit distrikt i den sørvestlege delen av Vestlandfylke. FOS samarbeidet omfatta seks av dei sju kommunane i Sunnhordland, –Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Sveio. |
Webside | https://www.sveio.kommune.no/ |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Kontor, forvaltning og saksbehandling |
Sted | SVEIO (Adresse: Etter avtale i kompetanseregionen Sunnhordland Postnr: 5550) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 01-04-2025 |