Job Description

Published 02-09-2024
Deadline: 22-09-2024

 

Kontrollør sal, skjenking og tobakk

Me søkjer kontrollør til ledig deltidsstilling i avdeling for Alkohol og servering. Stillinga er ledig frå snarast. 

Me er i dag 4 erfarne kontrollørar + vikarar. Det vert gjeve full opplæring og ein arbeider alltid saman med ein annan kontrollør.

Arbeidsoppgåver

  • Kontrollera at sal av alkohol og tobakk, og skjenking av alkohol, går føre seg etter gjeldande reglar og lovverk. 
  • Turnusarbeid i 13 vekers turnus, med helgearbeid ca. kvar 3. helg. Mesteparten av arbeidet skjer på kveld og natt. Nokre kontrollar skjer på dagtid (ved kontroll av salsløyver og tobakk). 
  • Eininga har kontrollansvar for heile Hardanger, Voss, Vaksdal, Fusa og Samnanger.
  • Den som vert tilsett må rekna med å starta og avslutta arbeidet i Norheimsund.

Kvalifikasjonar

  • Førerkort for bil er nødvendig
  • Gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg
  • Den som får tilbod om jobb, må bestå kunnskapsprøven for kontrollørar 
  • Den som vert tilsett må ha eit tydeleg og avklart forhold til eigen alkoholbruk, og ha utvist uklanderleg vandel i forhold til alkohollova, forskriftar og andre lovar som har samanheng med formålet i alkohollovgjevinga.

Personlege eigenskapar

  • Kan arbeida sjølvstendig og i team
  • Evne til å ta initiativ
  • God evne til observasjon
  • Er nøyaktig 
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er omgjengeleg og har eit godt humør, sjølv på lange turar nattetid

Vi tilbyr

  • Du får ein jobb med variert arbeid i eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Full opplæring som kontrollør 

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Nils Anders Bolstad, Leiar Alkohol og servering, +47 995 25 120

Arbeidsstad

Grovagjelet 16
5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 4854711195
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 22.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Alkohol og servering, Kvam herad orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Oppdag Kvam – framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av  regionsenteret vårt Norheimsund.

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam – i hjarta av Hardanger! Les meir

Webside http://www.kvam.kommune.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted NORHEIMSUND (Adresse: Grovagjelet 16 Postnr: 5600)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7dc9932a-52c9-4a31-ba96-1e4bc4c52790
IMPORTAPI