Kontrollingeniørar, betongkonstruksjon – Statens vegvesen
Construction Andre ingeniører(2 days ago)
Job Description
Published 11-11-2024
Deadline: 26-11-2024
Kontrollingeniørar, betongkonstruksjon
Om prosjektet:
Statens vegvesen har ledig stilling som kontrollingeniør innan betongkonstruksjonar på den største kontrakten nokon sinne i vegvesenet, Rv. 555 Sotrasambandet.
Prosjektet vert gjennomført som Offentleg-Privat Samarbeid (OPS). Sotra Link AS skal byggje på vegne av vegvesenet og har per i dag ca. 800 personar i arbeid. Byggjetida er rekna til fem år, med trafikkopning 1. juni 2027, og ferdigstilling i 2028. Prosjektet byr på spanande utfordringar og høgt tempo.
Vegvesenet har etablert eit kompetent og variert prosjektteam med om lag førti medarbeidarar som skal følgje opp prosjekteringa og bygginga av heile prosjektet. Teamet møter dagleg fagleg kompliserte oppgåver og utfordringar som vert løyste tverrfagleg.
Stillinga vil vere ein del av ei gruppe på 8 personar som skal ha ansvar for å følgje opp alle konstruksjonane i prosjektet, inklusive den 901 meter lange hengebrua. Blir du ein av våre nye kontrollingeniørar vil du få jobbe spesifikt innan fagområdet konstruksjon med fokus på betong.
Som tilsett hos oss får du vere med på å løyse samfunnsoppdraget vårt og i tillegg vere med å forme eit prosjekt som etterlet seg eit etterlengta veganlegg med landemerke som vil vere synleg i over 100 år.
https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/riksveg/sotrabergen/
Om stillingen:
Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
- Dagleg oppfølging av leverandørens arbeid på byggeplass knytt til konstruksjonar med spesialområde betong
- Kvalitetssikre leveransane på byggeplass
- Følge opp leverandørens kvalitets- og fremdriftsplaner mot aktiviteter på byggeplass
- Utføre stikkprøvekontroll på byggeplass og rapportere i kvalitetssystema
- Følge opp HMS og YM på byggeplass
- Vurdere og følge opp rapportering av avvik
- Koordinere mot andre fag og kontrollørar
- Følge opp OPS leverandøren si etterleving av krav i kontrakten, forskrifter, handbøker og normalar innan fagområdet
Kvalifikasjonskrav:
- Minimum 3-årig teknisk utdanning frå høgskule eller universitet / eller fagbrev innfor betongfag
- God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk
- For søkarar med sterk og allsidig praksis og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
Det er ein fordel om du har:
- erfaring med oppfølging / bygging av betongkonstruksjonar
- erfaring frå bruk av BIM
- erfaring frå arbeid i fleirfaglege prosjekt med høg kompleksitet
- erfaring frå oppfølging av leverandørar og utstyr knytt til fagområdet
- erfaring med å følgje opp aktivitetar til å leie komplekse oppgåver
Vi oppfordrar også nyutdanna til å søke.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt prosjektleiar Håkon Matre 411 22 137 eller prosjektsjef Lene Sælen Rivenes 932 27 521
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta “Utdanning” og “Arbeidserfaring” og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Statens vegvesen orgnr: 924692960 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Statens vegvesen vil leie an i utviklinga av eit effektivt, sikkert og heilskapleg transportsystem tilpassa morgondagen sine behov og teknologi. Vi bygger, driftar og vedlikeheld riksvegane, og vi tek vare på heilskapen gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydeleg regelverk og standardar for alle. Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utviklinga av digitale tenester sikrar vi trafikantane smarte, trygge og miljøriktige transportval. Verksemda våre er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjonar.
|
Webside | https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/ |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Andre ingeniører |
Sted | STRAUME (Adresse: Skjenet 2 Postnr: 5354) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 26-11-2024 |