Kontrollingeniør – INV – Planlegging og utbygging, Vestland fylkeskommune

Construction Andre ingeniører

(2 weeks ago)

  • LEIKANGER
  •  Post Date: 11. November 2024
  •  Expire date: 28. November 2024
Job Description

Published 11-11-2024
Deadline: 28-11-2024

 

Kontrollingeniør

Vestland fylkeskommune og avdeling Infrastruktur og veg (INV) skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn, og sterke by- og senterområde.

Vi skal bygge framtidsretta infrastruktur, som skal betre sambanda internt i regionen og gje gode kommunikasjonar mot resten av landet. Avdeling for infrastruktur og veg jobbar for framkome og trafikktryggleik for alle trafikantar på fylkesvegane våre. 

Planlegging- og utbyggingsseksjonen har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland fylke. Seksjonen dekker fagområda planlegging, prosjektering, grunnerverv, geomatikk, geologi, geoteknikk, vegteknologi og utbygging.

Utbygging nord har ansvar for utbyggingsprosjekt i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, og to av dei største prosjekta våre for tida er Ytre Steinsund bru i Solund, og rassikring av fv. 609 Heilevang i Sunnfjord.

Arbeidsoppgåver

Som kontrollingeniør vil hovudoppgåva di vere å kontrollere og fylgje opp entreprenøren sitt kontraktsarbeid i samarbeid med byggeleiar og prosjektleiar. 

Du skal også

  • gjennomføre stikkprøvekontrollar på utført arbeid.
  • utarbeide gode kontrollplanar, og dokumentere og rapportere på resultata av kontrollane.
  • fylgje opp og understøtte HMS-arbeidet innanfor kontraktsområdet.
  • bistå byggeleiar ved utarbeiding av konkurransegrunnlag.

For å Iøyse desse oppgåvene er det viktig at du er ryddig og kan arbeide systematisk med dokumentasjon. Du bør også ha gode kunnskapar i bruk av IKT som arbeidsverktøy.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha relevant utdanning frå høgskole-/universitet, minimum 3 år. Dersom du har allsidig praksis, eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.
  • Kjennskap til bruk av modellbasert prosjektering og bruk av BIM under byggeprosessen blir vektlagt, men er ikkje eit krav til stillinga. Det samme gjeld kjennskap til geomatikk/landmåling.
  • Du må ha førarkort klasse B.

    Personlege eigenskapar

    Vi forventar at du har gode samarbeidsevner, kan utføre arbeidsoppgåvene dine på ein sjølvstendig og systematisk måte, har stå-på-vilje, deler kunnskap med kollegaer, og har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne.

    Vi tilbyr

    Vi kan love deg varierte arbeidskvardagar i eit av dei fremste byggherremiljøa i regionen, der du får meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver med mykje ansvar. Arbeidsmiljøundersøkelsar syner at vi har eit veldig godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar som trivst saman på jobb og utfordrar kvarandre fagleg. Vi har eit sterkt fagmiljø som er gode på kunnskapsdeling og inkludering, og det er gode mogelegheiter for både fagleg og personleg utvikling.

    I Vestland fylkeskommune har vi fleksibel arbeidstid, gode forsikrings- og pensjonsvilkår og er tilslutta bedriftshelseteneste.

    Anna informasjon:

    • Det kan bli aktuelt med andre arbeidstidsordningar/turnus.
    • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
    • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
    • Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort.

    Kontaktinformasjon

    Gunnar Solbakken, leiar, 91109391

    Arbeidsstad

    Askedalen 2
    6863 Leikanger

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

    Referansenr.: 4881541103
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 27.11.2024

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver INV – Planlegging og utbygging, Vestland fylkeskommune orgnr:
    Kort om arbeidsgiver

    Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

    Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

    Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

    Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

    Webside www.vlfk.no
    Bransje Bygg og anlegg
    Yrke Andre ingeniører
    Sted LEIKANGER (Adresse: Askedalen 2 Postnr: 6863)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Offentlig
    Krav Høyere utdanning
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 28-11-2024


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/57c6c2d0-a8c0-45f5-9b8a-aa929003cf6d
    IMPORTAPI