Kontormedarbeider – NORSK BYGDESAGFORENING

Kontor og økonomi Kontor, forvaltning og saksbehandling

(3 weeks ago)

  •  Post Date: 3. April 2025
  •  Expire date: 5. May 2025
Job Description

Published 03-04-2025
Deadline: 05-05-2025

Kontormedarbeider

Vi søkjer no etter ein kontormedarbeidar i 50 % stilling med oppstart frå 1. august 2025.

Arbeidsoppgåver:

• Medlemsregistrering og kontakt med medlemmar

• Oppdatering av nettside og sosiale medium

• Økonomioppgåver (fakturering og kontering i Tripletex)

• Planlegging og gjennomføring av kurs og andre arrangement

• Utarbeiding av søknadar

• Sal av annonser til nettside og medlemsblad

• Generelle kontoroppgåver som sentralbord, rapportering, handtering av ordrar m.m.

Kvalifikasjonar:

• Gode datakunnskapar

• God munnleg og skriftleg framstillingsevne

• Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar for eigne oppgåver

• Strukturert, fleksibel og glad i nye utfordringar

• Kjennskap til skog- og trebransjen er ein fordel, men ikkje eit krav

Vi tilbyr:

• Ei interessant stilling i ein engasjerande og viktig bransje

• Variert arbeidsdag med mange ulike oppgåver

• Kontorstad sentralt i Stryn

• God opplæring og tett samarbeid med dagleg leiar

• Tilgang til eit stort fagleg nettverk gjennom organisasjonen

• Løn etter avtale

• Arbeidstid og arbeidsform kan tilpassast etter avtale. Vi er fleksible både når det gjeld deltidsstilling og samarbeid med sjølvstendig næringsdrivande

• Moglegheit for heimekontor ved behov

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver NORSK BYGDESAGFORENING orgnr: 990189838
Kort om arbeidsgiver

Norsk Bygdesagforening er ein spennande og framtidsretta bransjeorganisasjon med stort potensial og mange varierte arbeidsoppgåver. Vi arbeider primært for små og mellomstore sagbruk over heile landet. Organisasjonen har eksistert sidan 1987 og har i dag om lag 250 medlemmar.

Våre hovudoppgåver omfattar informasjon, kurs, konferansar, studieturar og prosjektarbeid. Kontoret vårt ligg sentralt i Stryn, i Tonningsgata 42.

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2025
Søknadsfrist 05-05-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b88f50ad-820c-44b3-9a64-60b314f73634
DIR

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31