Job Description
Published 14-11-2024
Deadline: 01-12-2024
Kontorleiar
Vil du være med å vidareutvikla Tysnes legekontor?
Er du ein person med interesse for administrasjon og leiing, har godt humør og ønskje om å bidra til vidareutvikling av tenester og personell ved Tysnes legekontor?
Bli ein del av vårt team ved Tysnes legekontor! Her får du ein variert arbeidsdag, med oppgåver som spenner frå dagleg drift og pasientkontakt, til personaloppfølging og utviklingsorienterte oppgåver. Du vil være ein viktig samarbeidspartnar for kommuneoverlege.
Tysnes legekontor innehar funksjonane kommuneoverlege, fastlegar, kontorpersonell, legevakt og jordmor. Kommuneoverlege er einingsleiar med overordna ansvar, samt personalansvar for legane og jordmor. Me har ei jordmor, ein kommuneoverlege og to kommunelegar, samt LIS1-lege. Alle er kommunalt tilsette.
Me søkjer no etter ein ny kollega til stilling som kontorleiar
Avdelinga di består av kontorleiar, to sjukepleiarar og ein helsesekretær, tilsamen tre årsverk.
Stillinga inneber fag- og personalansvar for øvrig personell ved legekontoret, samt administrativ drift og arbeid som tenar den totale drifta av legekontoret. Kontorleiar rapporterar til kommuneoverlege, og vil vere ei viktig støtta for kommuneoverlege, samt ha ei viktig rolla i vidareutvikling av legekontoret.
Hovuddelen av arbeidstida er dagleg drift av kontoret.
Kva går stillinga ut på?
Arbeidsoppgåver knytt til leiarfunksjon vil vere:
- Personalansvar for sjukepleiarane og helsesekretær ved kontoret.
- Planlegging av dagleg drift, internkontroll for kontor og laboratorie.
- Delegerte oppgåver frå kommuneoverlege som t.d vaktlisteoppsett, innkalling ved fråvær og økonomioppfølging.
- Systemansvar IKT (InfoDoc, Norsk helsenett, og opplæring)
- Opplæring av nytilsette.
- Tilrettelegge for driftsmøter.
Arbeidsoppgåver knytt til dagleg drift er:
- Ekspedisjon, service, skrankearbeid, laboratorie, telefon mm.
- Varebestilling og kontering og oppfølging av faktura.
- Prøvetaking- og laboratoriearbeid.
- Utarbeide vaktlister/timelister i samråd med kommuneoverlege.
- Samarbeid med anna helsepersonell i kommunen og med helseforetak.
- Praktisk tilrettelegging og problemløysing i dagleg drift.
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga ut frå søkjar sin kompetanse eller arbeidsgjevar sitt behov.
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar eller bioingeniør.
- Det er ønskjeleg med leiarerfaring- eller kompetanse.
- God IKT forståing vil være viktig.
- Laboratoriekompetanse er positivt.
- Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og muntleg.
Kva ser me etter hos deg?
- Du er sjølvstendig, strukturert og god på samarbeid.
- Du er serviceinnstilt, yt god service og tilrettelegg for at andre også kan gjere dette.
- Du har god arbeidskapasitet, og har erfaring med å handtere akutte situasjonar.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
Me søkjer deg som:
- har interesse for administrasjon og leiing.
- er ein dyktig og trygg fagperson, med stort engasjement og motivasjon for faget.
- er oppteken av utvikling, både av tenesta i sin heilskap og hos den enkelte medarbeidar.
- har god gjennomføringskraft, er effektiv og strukturert, og handterar mange oppgåver på same tid.
- er serviceinnstilt, yt god service og legg til rette for at andre også kan gjere det.
- har god relasjonskompetanse, samt god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Som leiar i Tysnes kommune er verdiar og haldningar du har i møte med andre sentralt, og personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.
Kvifor skal du jobba hos oss?
- Interessante og spanande utfordringar, og utvikling av tenestetilbodet vårt.
- Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP.
- Lønn etter avtale.
- Fleksitid, med vinter- og sommartid.
Blir du blir motivert og engasjert av hektiske dagar, der du må løysa oppgåver fortlaupande samstundes som du jobbar med utvikling og forbetring? Då trur me at du vil trivast hos oss! Hos oss blir du leiar for ei gruppe med kompetente og engasjerte tilsette, som dagleg yt naudsynt og livskritisk helsehjelp til innbyggjarane i kommunen. Det er ein spanande og viktig jobb der du vil får eit overordna ansvar for sjukepleiarane og kontortilsette på legekontoret, må samarbeida på tvers internt, samt med eksterne samarbeidspartnere.
Du blir tilsett som avdelingsleiar med personalansvar for sjukepleiarar og helsesekretærar på legekontoret. Stillinga ligg til lønskapittel 3.4.3, med løn etter avtale og årleg lønsregulering gjennom lokale forhandlingar.
Tilsetjing hos oss gjer deg medlemskap i KLP – Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt høve til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår.
Me veit at mange ønskjer seg ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag med høve til å veksla mellom å jobba heimafrå og møtast på kontoret. Me ønskjer fortrinnsvis at tilsette har sin arbeidsstad i arbeidsgjevar sine lokaler, for å sikra samstundes tilstedevære og godt samarbeid. Me kan likevel legga til rette for kombinasjon av heimekontor og fast kontorarbeidsplass når arbeidsoppgåvene tilseier at det let seg gjera.
Synes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Kristin Hågøy, Einingsleiar, 99 00 56 74, kristin.hagoy@tysnes.kommune.no
Hilde Marie Flakke, Konst. kommunalsjef helse, 99 36 36 46
Arbeidssted
Rådhuset
5685 UGGDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Tysnes kommune
Referansenr.: 4840350297
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Tysnes kommune orgnr: 974592436 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Draumen om livet på landet, finn du på Tysnes! Tysnes er ein sentralt øykommune sør for Bergen, og om du spør oss: verdas beste kommune å veksa opp i! Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å leva og bu i. Tysnes er ein hjarteforma kommune nord i Sunnhordland. Perfekt for deg som er på jakt etter ein roleg og eventyrleg livsstil. Me har kort veg til kringliggande byar, og me trur du vil bli overraska over kor mykje kystkommunen har å tilby. Me har flotte badeplassar og skianlegg på fjellet, frodig natur og skiftande landskap. Frå høgfjell til idylliske hamner, med gode moglegheiter for friluftsliv. Eit rikt lags- og organisasjonsliv gjer eit variert fritidstilbod til både vaksne og unge. Småskalaprodusentar byr på ekte og økologiske smaksopplevingar. Øya byr på eit riktig kulturliv gjennom heile året, med Tysnesfest om sommaren som den største. Sentralt plassert, men likevel langt nok unna kjaset og maset til bylivet. Det betyr at du kan nyta frisk luft, kulturelle storhendingar og avslappande ro. Med uendelege høve til å utforska fjell og fjord, er Tysnes den perfekte staden å kalla heim. |
Webside | http://www.tysnes.kommune.no |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Ledelse, administrasjon og rådgivning |
Sted | UGGDAL (Adresse: Rådhuset Postnr: 5685) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 01-12-2024 |