Kontaktperson/miljøterapeut – Barnevern, Gloppen kommune

Health and social care Miljøarbeidere

(5 days ago)

  • SANDANE
  •  Post Date: 25. November 2024
  •  Expire date: 15. December 2024
Job Description

Published 25-11-2024
Deadline: 15-12-2024

 

Kontaktperson/miljøterapeut

Barnevernstenesta i Gloppen har ledig ei fast 100 % stiling som kontaktperson/miljøterapeut med verknad frå snarast.

Tenesta har frå 1. januar fem stillingar, inkludert leiar, og treng i tillegg ein ny medarbeidar for å løyse dei lovpålagte oppgåvene knytt til sakshandsaming, tiltak og akuttberedskap. Vi samarbeider med nabokommunane Stad og Stryn om akuttberedskapen.

Vi er i ein prosess med å definere kva oppgåver som skal ligge til kontaktperson, og kva miljøterapeut som jobbar med tiltak i familiane skal ha ansvar for. Kva arbeidsoppgåver som blir lagt til den utlyste stillinga, er difor avhengig av korleis kompetansen hos ny tilsett utfyller kompetansen vi allereie har i teamet.

Barneverntenesta er samorganisert med helsestasjonen og skulehelsetenesta, PPT, psykisk helseteneste og fysio- og ergoterapitenesta i Familiehuset.

Aktuelle arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming etter barnevernslova
  • Arbeid med undersøkingar og tiltak i heim og fosterheim og dokumentasjonsarbeid knytt til dette
  • Deltaking i tenesta si akuttvaktordning
  • Tverrfagleg og tverretatleg arbeid
  • Deltaking i utviklingsarbeid i tenesta
  • Noko arbeid utover vanleg arbeidstid må påreknast

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad i sosialt arbeid eller barnevern, eller bachelorgrad i same fagfelt med relevant vidareutdanning 
  • Søkjarar med annan relevant høgskuleutdanning på bachelornivå og erfaring frå kommunal barnevernsteneste kan bli vurdert
  • Erfaring frå direkte arbeid med barn og unge er ein fordel
  • Forvaltningskompetanse og juridisk forståing
  • Sertifisering i evidensbaserte metodar for foreldrerettleiing
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Grunnleggande IKT-kompetanse
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du er open og audmjuk i møte med barn og føresette og legg til rette for eit godt samarbeid
  • Du har god evne til fagleg refleksjon
  • Du arbeider strukturert og målretta og har god gjennomføringsevne
  • Du er fleksibel, har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe både sjølvstendig og i team       

Vi tilbyr

  • Utfordrande og miningsfylte oppgåver i eit aktivt, engasjert og kompetent fagmiljø
  • Mogleg tilbod om utdanning til PMTO-terapeut i 2025
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • Fleksitid

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Elise Hestenes Fjelle, Avdelingsleiar barnevern, +47 977 77 389
Hilde Nødset, Tenesteleiar familiehuset, +47 979 91 071

Arbeidsstad

Grandavegen 9
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 4888196161
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Barnevern, Gloppen kommune orgnr: 987941359
Kort om arbeidsgiver

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Webside http://www.gloppen.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted SANDANE (Adresse: Grandavegen 9 Postnr: 6823)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d218176f-8b63-47da-8ea7-36a3dac5fa1f
IMPORTAPI