Kontaktperson Kinn barnevern Florø – Barnevern, Kinn kommune
Health and social care Miljøarbeidere(24 hours ago)
Job Description
Published 17-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Kontaktperson Kinn barnevern Florø
Kinn barnevern har ledig 1 fast 100 % stilling som kontaktperson på team omsorg og ettervern.
Stillinga gjeld sakshandsaming etter Lov om barnevern, knytt til barn som bur utanfor heimen. Barna som bur i fosterheim og på institusjon treng trygge, varme og engasjerte vaksne rundt seg.
Tenesta vår er prega av høg aktivitet og godt arbeidsmiljø. Struktur og internkontroll er viktig for oss for å sikre kvalitet og eit høgt fagleg nivå. Vi er opptatt av kompetanseutvikling, og det er mogleheiter for fagleg utvikling hos oss.
Arbeidsoppgåver
Sakshandsaming og fagleg oppfølging av barnevernssaker etter Lov om barnevern.
Kontakt og samarbeid med barn, ungdom, foreldre og ulike instansar.
Råd og rettleiing.
Tverrfagleg samarbeid.
Saksførebuing for barneverns- og helsenemnda, samt stille som partsrepresentant i dei ulike rettsinstansane.
Delta i tenesta sitt utviklingsarbeid.
Ubekvem arbeidstid må påreknast.
Kvalifikasjonar
Krav om bachelor i barnevern eller sosialt arbeid.
Andre relevante utdanningar kan vurderast i kombinasjon med erfaring frå barnevernsteneste.
Ønskelig med relevant videreutdanning og/eller master i barnevern.
Ønskje om relevant arbeidserfaring frå førstelinja.
God skriftleg og muntleg framstillingsevne.
Kunne beherske IT og jobbe effektivt i ulike fagsystem
Godkjent politiattest
Sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar
Opptre imøtekommande og profesjonelt ovanfor barn, ungdom, foreldre og samarbeidspartar.
Evne til å opptre med rausheit, audmjukheit og tydeligheit ovanfor menneske som er i krise.
Høg arbeidskapasitet, fleksibel og løysingsorientert.
Gode samarbeidsevner.
Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre.
Stor grad av ansvarsbevissthet krevst.
Det vert lagt vekt på om ein er personleg eigna.
Vi tilbyr
Spennande utfordringar i ein organisasjon i stadig endring.
Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver i eit allsidig og fagleg spennande miljø.
Vi tilbyr rettleiing, fagleg og på prosess.
Godt kvalifiserte og hyggelege kolleger.
Konkurransedyktig løn og KLP pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Lena Eikefjord, Tenesteleiar Kinn barnevern, +47 97984617
Arbeidsstad
Hans Blomgate 39
6900 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 4897157745
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.02.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Barnevern, Kinn kommune orgnr: 988423491 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vår visjon: |
Webside | http://www.kinn.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Miljøarbeidere |
Sted | FLORØ (Adresse: Hans Blomgate 39 Postnr: 6900) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 03-02-2025 |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |