Kontaktperson/barnevernkonsulent, 100% vikariat – Gulen kommune
Health and social care Rådgivere innen sosiale fagfelt(2 weeks ago)
Job Description
Published 18-12-2024
Deadline: 19-01-2025
Kontaktperson/barnevernkonsulent, 100% vikariat
Om stillinga
Velkomen til deg som ynskjer å gjere ein forskjell og brenn for å arbeide med born, unge og familiar, samt ynskjer å vere med i utvikling av eit framtidsretta barnevern!
Frå våren 2025 vert det ledig eit 100% vikariat som kontaktperson/barnevernkonsulent til 31.01.26, med moglegheit for forlenging. Er du den me leiter etter? Send gjerne inn ein søknad til oss.
Gulen og Masfjorden barnevernteneste er organisert med barnevernsleiar og fire kontaktpersonar. Me er lokalisert på Hosteland i Masfjorden kommune. Vertskommunen er Gulen, kor me er organisert som eiga eining under sektor Oppvekst og kultur.
Me tilbyr
- Spanande og varierte oppgåver i eit breidt og engasjert fagmiljø
- Gode arbeidsrutinar og eit godt arbeidsmiljø. Høve til kreativitet og nytenking
- Fleksibel arbeidstid. Ein må pårekne noko arbeid på ettermiddag/kveld
- Ekstern og intern rettleiing
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Arbeidsoppgåver
Det unike med Gulen og Masfjorden barnevern er at sakshandsamarane arbeidar innan heile barnevernsfeltet frå start til slutt. Dette betyr at du vert involvert i både sakshandsaming, vurdering og tiltaksarbeid etter barnevernslova. Du vil ta del i gjennomgang av melding, planlegging, gjennomføring og konklusjon, dokumentasjon og vurdering og evaluering av hjelpetiltak.
Barnevernstenesta utfører store deler av tiltaksarbeidet sjølv. Du vil bidra til eininga si samla oppgåveløysing. Journalføring og dokumentasjon skjer i sakshandsamingssystemet Modulus barn.
Du skal ha fokus på barnet sin rett til å verte høyrd og medverke i eiga sak, samt vere ein støttespelar og endringsagent for barn, ungdom og familiane deira.
Konkrete arbeidsoppgåver;
- Utføre oppgåver etter Lov om barnevern og anna relevant lovverk, forskrifter og retningslinjer
- Samtale og samarbeide med barn, unge og deira familiar
- Utføre oppgåver i tråd med internkontroll og retningslinjer
- Vere barnevernstenesta sin representant eller vitne i Barneverns- og helsenemnda og øvrige rettsapparat
- Delta i saksgjennomgang, rettleiing og anna kompetanse og fagutvikling
- Andre oppgåver som måtte kome til
Arbeidsområdet vert både i Gulen og Masfjorden.
Kvalifikasjonskrav
- Barnevernfagleg og/eller sosialfagleg utdanning på høgskule/universitetsnivå. Andre relevante høgskuleutdanningar kan vere aktuelle. Relevant arbeidserfaring vil då vere ei viktig tilleggsvurdering.
- Du må har sertifikat klasse B, og disponere bil.
- Ynskjeleg at ein har grunnleggjande forståing for barneverntenesta sitt samfunnsoppdrag og mandat, og lovverket ein jobbar etter
- God relasjonskompetanse
- God forståing og fagleg innsikt i barn si utvikling og behov
- Handtere kompleksitet i saker og ha endringskompetanse
- Ha evne til å arbeide i motstand og stå i og løyse konflikter
- Har god skriftleg framstillingsevne og god munnleg framtoning i samarbeid med barn, unge og foreldre
- For søkjarar som ikkje har norsk som morsmål, er det krav om språkkunnskap tilsvarande nivå B2
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
- Er tydeleg i barnevernfaglege vurderingar
- Har evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Er engasjert, fokusert og trygg på deg sjølv
- Likar å vere i direkte kontakt med barn, unge og vaksne
- Er raus, audmjuk og omgjengeleg i møte med barn, deira familiar, kollegaer og samarbeidspartar
- Er fleksibel, strukturert, kreativ, løysingsorientert og har gjennomføringskraft
- Har gode evner til mentalisering
- Har evne til å skape tillit, jobbe med endring og vere nyskapande og undrande
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest. Det vert krevd utfyllande politiattest for tilsetjing innan barnevern.
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Gulen kommune orgnr: 914309506 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Gulen og Masfjorden kommunar ligg i eit vakkert område frå innløpet til Sognefjorden i vest til Stølsheimen i aust. Kommunane består av både fjell- og kystlandskap, med eit mylder av øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kulturlivet er allsidig med aktive lag og organisasjonar. Kommunane har samla nesten 4000 innbyggjarar. Det er ledig barnehageplass og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Kommunane har eit næringsliv i utvikling, med store satsingar i åra som kjem. |
Webside | https://www.gulen.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Rådgivere innen sosiale fagfelt |
Sted | HOSTELAND (Adresse: Fensfjordvegen 621 Postnr: 5986) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 19-01-2025 |