Kontaktlærar – Hå kommune Nærbø ungdomsskule

(1 week ago)

  • NÆRBØ
  •  Post Date: 23. March 2025
  •  Expire date: 4. May 2025
Job Description

Published 23-03-2025
Deadline: 04-05-2025

Kontaktlærar

Nærbø ungdomsskule søker kontaktlærar til 10.trinn med kompetanse i norsk og KRLE. Andre fag er og av interesse. Stillinga er eit 100 % årsvikariat, skuleåret 2025/26 (01.08.25 – 31.07.26).

Nærbø ungdomsskule er ein skule med ca 330 elevar og 45 tilsette. Her er det hyggelege elevar og eit veldig godt arbeidsmiljø. Skulen har ambisjonar om å utvikle elevane sin dugleik på alle plan og skape gode og trygge rammar for læring. Skulen ligg nær togstasjonen, og har eigen parkeringsplass.

Kvalifikasjonar
– Godkjent lærarutdanning
– God IKT-kompetanse
– Gode kommunikasjonsevner
– Du må være løysingsorientert og bidra aktivt til et godt arbeids- og læringsmiljø

Personlege eigenskapar og relevant erfaring kan kompensera for manglande fagleg kompetanse.

Arbeidsoppgåver
– Planlegge og lede elevane si læring saman med andre faglærarar på trinnet
– Arbeide for et trygt og inkluderande læringsmiljø
– Følge opp elevane si læring og progresjon
– Samarbeide med foreldre og føresette
– Bidra aktivt for å utvikle eit godt lærarsamarbeid og eit lærande fellesskap på skolen

Personlege eigenskapar
Me ønsker at du er god på relasjonar og er ein tydeleg og omsorgsfull klasseleiar. Du kan arbeide sjølvstendig, samtidig som du evnar å samarbeide med kollegaer og føresette. Du må vera løysningsorientert, engasjert, positiv og ha godt humør.

Me tilbyr
– Eit godt og sterkt fagmiljø med mykje godt humør
– Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
– Konkurransedyktig lønn
– Fordelane som ei IA bedrift gir

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hå kommune Nærbø ungdomsskule orgnr: 975275841
Kort om arbeidsgiver Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutter med tog frå Stavanger. Kommunen har over 20 000 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finner ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er “Me løfter i lag”. Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Tilgjengelighetserklæring

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted NÆRBØ (Adresse: Torlandsvegen 2 Postnr: 4365)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 04-05-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/5b00d748-51c7-4ad2-b5ac-1d3ac09b5e0e
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31