Konsulent skog-, vilt-, jordbruk- og naturforvaltning – Gulen kommune
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(15 hours ago)
Job Description
Published 15-12-2024
Deadline: 03-01-2025
Konsulent skog-, vilt-, jordbruk- og naturforvaltning
Om stillinga
Har du lyst til å vere med i eit spanande og aktivt team på Plan, landbruk og teknisk i Gulen kommune?
Me lyser no ut i inntil 100% fast stilling som konsulent innan skog-, vilt-, jordbruk- og naturforvaltning. Tilsetjinga kan vere deltid ned til 50%, dersom dette er ynskjeleg for den som vert tilsett. Arbeidsoppgåvene vil då verte redusert innan jordbruk- og naturforvaltning, og hovudfokuset vil vere på skog- og viltforvaltning. Oppstart er frå snarast/etter avtale med leiar.
Velkomen som søkjar til eit triveleg og godt arbeidsmiljø! Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon om stillinga.
Me tilbyr
- Godt arbeidsmiljø
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter til å utvikle deg, ta initiativ og styre eigen arbeidskvardag. Vi har fleksitid, og kan vurdere delvis heimekontorløysing ved behov.
- Hjelp til å skaffe bustad
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Bakteppe
Gulen kommune er i rask utvikling, og eining Plan, landbruk og teknisk spelar ei viktig rolle i samfunnsutviklinga. Me er ei gruppe på 10 tilsette i eininga i dag. Fagområda i eininga generelt er byggjesak, kart og oppmåling, arealplanlegging, skog og jordbruk, viltforvaltning, vassressursforvaltning, miljø, klima og forureining. Vi arbeider som ei eining kor alle tilsette får innsikt i heilskapen i samfunnsutviklinga og brei fagkompetanse innanfor fleire av fagområda. Eininga skal delta aktivt i å møte behova i eit samfunn i rask utvikling.
Det er særskilt to målsettingar frå kommunen sine overordna planar som set rammer for stillinga. Den fyrste er at kommunen i all utvikling særleg skal vurdere korleis det rike natur- og kulturlandskapet vert ivareteke. Vidare skal kommunen bidra til å sikre framtidige generasjonar ved å vere oppdatert på nyaste kunnskap og kutte utslepp i tråd med nasjonale mål.
Arbeidsoppgåver
- Handsame søknader og forvalte tilskotsordningar innan landbruk-, vilt- og naturforvaltning
- Fylgje opp planar og drive prosjektstyring innan landbruk-, vilt- og naturforvaltning
- Drive informasjonsarbeid og bidra med kunnskap innan landbruk-, vilt- og naturforvaltning
- Vere pådrivar og jobbe aktivt for næringsutvikling i landbruket
- Handsame søknader om motorferdsel i utmark
- Fylgje opp forureiningssaker
- Fylgje opp naturmangfaldsplanen
- Oppdatere og fylgje opp klima- og miljøplanen
- Oppgåver kan endre seg/kome til i høve utdanning, ønskje og kommunen sitt behov
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig utdanning på høgskule- eller universitetsnivå innanfor relevant fagområde. Arbeidserfaring frå liknande arbeid kan kompensere for manglande utdanning.
- Arbeidserfaring frå eitt eller fleire av fagfelta er ein fordel
- God på å sette deg inn i nye digitale system
- Gode IKT- kunnskapar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlege
- Har førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Ha engasjement og interesse for viltforvaltning, landbruk, klima og miljø
- God samfunnsforståing
- Blir motivert av å kunne bidra til ei berekraftig, klima- og miljøvenleg samfunnsutvikling
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kunne arbeide sjølvstendig og løysingsorientert
- Kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagd ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkarjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Gulen kommune orgnr: 914309506 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har 2269 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
|
Webside | https://www.gulen.kommune.no/ |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | EIVINDVIK (Adresse: Eivindvikvegen 1119 Postnr: 5966) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 03-01-2025 |