Job Description

Published 18-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Konsulent Sekretariat og tenstetorg – 100 % vikariat

Vikariat i 100 % med varigheit ut 2025

Sekretariat og tenestetorg er ei avdeling i kommunedirektørens stab. Avdelinga har ansvar for kommunens dokumentsenter, politisk sekretariat og tenestetorg. Vi er eit team med 7 tilsette som utfører eit vidt spekter av støttefunksjonar for innbyggarar, folkevalde og tilsette. Vi er involvert i dei fleste digitale utviklingsprosessane i kommunen og nyttar mange ulike digitale system i vårt arbeid. Ein av våre medarbeidarar skal ut i permisjon og vi søker difor etter ein vikar med snarleg tiltreding. Er du nysjerrig på ein jobb i offentleg forvaltning er dette ei stilling der du vil kunne lære mykje om dei tenestene kommunen utfører.

Vi søker:
En positiv og fleksibel person som kan hjelpe oss med daglege basisoppgåver:
• Dokumentforvaltning med tilhøyrande oppgåver.
• Publikum og innbyggerservice.
• Andre interne støttefunksjonar.

Kvalifikasjonar:
• Minimum fagbrev eller anna relevant utdanning innan eitt eller fleire av fagområda.
• Utstrekt erfaring frå tilsvarande arbeid kan kompensere for formell utdanning.
• God digital kompetanse med forståing og interesse for digitale prosessar.
• God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Vi ynskjer at du har:
• Kunnskap om regelverk for offentleg forvaltning.

Personlege eigenskapar:
• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• Løsningsorientert og fleksibel
• Nøyaktig, systematisk og kvalitetsbevisst.
• Kunne jobbe sjølvstendig og i team.

Vi legg stor vekt på at den vi tilsett er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr:
• Et levende fagmiljø med fokus på kompetanse og fagleg utvikling.
• Trivelege og dyktige kollegaer med godt samhald.
• Fleksibel arbeidstid.
• Pensjonsordning gjennom KLP.
• Løn og tilsetjingsvilkår etter avtale.

Anna:
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verta offentleg må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• Under Arbeidserfaring i søknaden, må du oppgi tidlegare arbeidsgivarar og laste opp attest/tenestebevis frå disse. Har du ikkje tenestebevis må du legge ved vedlegg som seier noko om dette

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Gol kommune Sekretariat og tenestetorg orgnr:
Kort om arbeidsgiver Gol er utdannings- og handelsknutepunkt i Hallingdal og huser ca. 5 000 innbyggere. Universitetet i Sørøst-Norge etablerer et Campus Hallingdal på Gol i 2024. Vi satser på utdanning, innovasjon og forskning. Golnøklene, samskaping, innbyggerdialog og bærekraft låser opp det ”Gode liv på Gol” for våre besøkende og fastboende. Vi kan tilby svært gode forhold for en aktiv fritid, enten det er friluftsliv eller kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol ligger midt imellom øst og vest med kort vei til både Oslo og Bergen. Det er Bergensbanen som binder oss sammen med Norges to største byer. Kommunen er inkluderende og familievennlig. Vi har både ny 1-10 skole og ny idrettshall, god barnehagedekning og et variert skoletilbud med både videregående skule, folkehøyskole og snart et universitet.
Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted GOL (Adresse: Gamlevegen 4 Postnr: 3550)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2c874295-8829-4649-bc4e-6324e39b6be1
IMPORTAPI