Job Description

Published 22-12-2024
Deadline: 13-01-2025

 

Konsulent/rådgjevar løyve drosje, buss og båt.

Vestland fylkeskommune arbeider for utvikling av fylket og tilbyr tenester som vidaregåande opplæring, tannhelse, kollektivtransport og vegforvaltning. Vi legg til rette for klima, kultur, næringsutvikling og fritid, og tek vare på fortida, notida og framtida i Vestland.

Avdeling for Mobilitet og kollektivtransport (MOK) har ansvaret for å utvikle eit moderne, milljøvenleg og effektivt mobilitets- og kollektivtilbod.

No søkjer vi ein engasjert rådgjevar som vil bidra til ei trygg og velfungerande drosjenæring!

Som rådgjevar for drosje- og ruteløyve vil du handsame søknader, gi råd til søkjarar og sikre effektiv forvaltning. Du blir del av eit fagmiljø tett på ein sektor i utvikling –  med stor betydning for både innbyggarane og samfunn.

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsame drosje- og ruteløyve saker
  • Evaluering av drosjemarknaden
  • Bidra til løysingar for drosje i dei kommunar som har dårleg drosjetilbod
  • Tilbakekalling og klagehandsaming
  • Kontakt med eksterne samarbeidspartar og publikum
  • Skrive politiske saker og høyringar

Kvalifikasjonar

  • Vi treng deg som har høgare utdanning på universitet/høgskulenivå
  • God digital kompetanse
  • God framstillingsevne på norsk både skriftleg og munnleg

Det er ikkje eit krav, men ein fordel om du har kjennskap til:

  • Forvaltningslova, yrkestransportregelverket
  • Erfaring med offentleg forvaltning og utøvande mynde

Personlege eigenskapar

Vi ser etter medarbeidar som kjenner seg igjen i våre verdier som er open, modig og kompetent. I tillegg har vår framtidige konsulent/rådgjevar følgjande personlege eigenskapar:

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Er initiativrik og sjølvstendig
  • Evne til å halde deg orientert i fagområde, som er i rask utvikling
  • Trivst i eit hektisk miljø
  • Strukturert

Vi tilbyr

Ei fagleg utfordrande og spennande stilling, med stor samfunnspåverknad.

Hos oss får du:

  • Eit engasjert og utviklingsorientert arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstidsordning med moglegheit for delvis heimekontor
  • Lønn etter avtale
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Arbeidsstad i Bergen eller Leikanger

 

Kontaktinformasjon

Janne Dokken, seksjonsleiar, 95089918, janne.dokken@vlfk.no

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4897126567
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver  MOK – Stab og forvaltning, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted BERGEN (Adresse: Lars Hilles gate 22 Postnr: 5008)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2c60c3a4-79e3-4237-8d1d-84d5dd18df09
IMPORTAPI