Job Description

Published 18-09-2024
Deadline: 06-10-2024

 

Konsulent i Medisinsk klinikk

Medisinsk klinikk er ein stor seksjonert eining, med ansvar for diagnostikk og behandling av pasientar med indremedisinsk sjukdom. Klinikken har seksjonar for blodsjukdommar, hormonsjukdommar, infeksjonssjukdommar, fordøyingssjukdommar og nyresjukdommar, samt klinisk ernæring og sosionomteneste. Klinikken driftar 6 døgnopne sengepostar samt einingar for dagbehandling og poliklinisk verksemd. Ein driv og med forsking, utdanning av helsepersonell og opplæring av pasientar og pårørande. Medisinsk klinikk har om lag 500 tilsette.

Medisinsk klinikk har ledig 100% fast stilling som konsulent. Stillinga er knytt til klinikkens sentrale sekretariat, ein felles serviceytande eining for leiarar og medarbeidarar. Sekretariatet yter leiarstøtte, gjennom delegerte fullmakter og i tett samarbeid med klinikkleiinga. Sekretariatet er eit kontaktpunkt i klinikken, eit bindeledd mellom leiing og medarbeidarar, andre einingar i Helse Bergen og eksternt. Konsulentene har ulike saksbehandlings- og driftsoppgåver på oppdrag frå klinikkleiinga. Arbeidet er variert og ein har mellom anna ansvar for oppgåvene som er lista opp under.

Arbeidsoppgåver

  • Tilverke arbeidsavtalar, arbeids- og oppgåveplanar, attestar m.m. for legegruppa 
  • Bistå med utlysingar, system og oversikt i rekruttering og rotasjon
  • Fordele kompetanseplanar til legegruppa og bistå leiarane med oversikt  
  • Betene fråværstelefon for legegruppa, registrere og formidle fråvære, udekka oppgåver o.a. og bidra med å dekke fråvære i forvaktsssjiktet
  • Fordele og følge opp skriftlege førespurnader til klinikken, bistå leiarar med oversikt og sakshandsamme saker etter gjeldande rutine
  • Fordele avviksmeldingar, bistå leiarane med oversikt i restansar og fristar 
  • Tilrettelegging, for- og etterarbeid i samband med ulike møte og konferansar

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig vidaregåande skule, det er ein fordel med utdanning på høgskule-/universitetsnivå innan administrasjon/organisasjon/leiing
  • Det blir lagt vekt på erfaring med dei konkrete eller liknande oppgåver og system, det er ein fordel med erfaring frå arbeid som krev høg grad av sjølvstende og evne til å prioritere 
  • Det er krav til brei IKT-kompetanse og det vil vere ein fordel med erfaring i dei aktuelle systema (Personalportalen, GAT og Webcruiter)
  • Gode kommunikasjonsevne og norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og egnethet

Personlege eigenskapar

  • Du har eit godt lag med folk, er positiv og har gode samarbeidsevner 
  • Du er sjølvstendig, arbeider strukturert og målretta, og er god til å disponere tid og prioritere oppgåver
  • Du er løysingsorientert, initiativrik og har stor arbeidskapasitet
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjoner til dem rundt deg og bidrar til et godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit spennande og engasjerande arbeidsmiljø, med kompetente medarbeidarar og gode utviklingsmoglegheiter 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn ihht overenskomst

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Rikke Larsen Tøndel, Seksjonsleiar, 55972931

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4861650524
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Medisinsk klinikk/ Seksjon for kontortenester, Helse Bergen orgnr: 974557746
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse- og miljørådgivere
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c8d9f4d5-5b20-4f37-a2b5-353cbbc73f17
IMPORTAPI