Job Description

Published 03-04-2025
Deadline: 22-04-2025

Konsulent

Vi har ledig fast 100% stilling som konsulent ved fylkestannlegens kontor.

Arbeidsoppgåver

Vi søker ein effektiv og strukturert konsulent med gode samarbeidsevner som ønsker å bidra til å løyse tannhelsetenesta sitt samfunnsoppdrag.
Arbeidsoppgåvene er varierte, med hovudvekt på:

  • lønns- og personaladministrasjon for tannhelsetenesta sine 200 tilsette
  • oppfølging av tidregistrering, kontroll og rettleiing i Visma Tid
  • kontaktpunkt mot overtannlegar og klinikkleiarar knytt til stillinga sine ansvarsområde
  • bidra innan administrasjonens øvrige ansvarsområde ved behov

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på U/H-nivå
  • Arbeidserfaring frå tannhelsetenesta
  • Erfaring med administrative oppgaver knytt til klinikkdrift
  • God forståing for det tannhelsefaglege samfunnsoppdraget
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne  
  • God digital kompetanse 

Personlege eigenskapar

  • Jobbar effektivt, strukturert og med høg gjennomføringsevne og arbeidskapasitet
  • God samarbeidsevne og serviceinnstilling 
  • Du liker nye utfordringar og er løysingsorientert
  • Ønsker å bidra til eit positivt og utviklende arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø 
  • Kontorstad i Molde
  • Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • Lønn som konsulent i st. kode 6599

Kontaktinformasjon

Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500
Morten Larsen, Administrasjonsleder, 95078152

Arbeidsstad

Julsundvegen 11
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 4947313723
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fylkestannlegens kontor, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Sjå korleis det er å jobbe i tannhelsetenesta i Møre og Romsdal

Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?

  • Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke?
  • Blir du motivert av å jobbe for – og med – menneske?
  • Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper?
  • Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit?

Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!


Webside https://mrfylke.no/tenester/tannhelse/om-tannhelsetenesta/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted MOLDE (Adresse: Julsundvegen 11 Postnr: 6412)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d071e198-1e2d-4614-9df4-3e48bd6fe82f
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31