Job Description

Published 30-10-2024
Deadline: 17-11-2024

 

Konsulent EPJ-senteret

Vil du bli ein del av vårt engasjerte team på EPJ-senteret?

EPJ-senteret held til på Berg-senteret på Raglamyr, som ein del av avdeling for Helsedata. Vi jobbar ut mot alle lokasjonane i Helse Fonna for å sikre heilskapen i arbeidsprosessar på tvers av systema våre. Senteret har eit fagleg ansvar for oppgåver knytt til bruk av elektronisk pasientjournal og tilhøyrande applikasjonar.

Mykje av arbeidet skjer regopmaøt ,ed tett samarbeid med dei andre helseforetak og private helseinstitusjonar i Helse Vest. EPJ-senteret er representert i mange  ulike regionale prosjekt og grupper med der løysingar blir diskutert på tvers av helseforetaka. 

Noko reiseaktivitet må påreknast.

Vi har eit sterkt og inkluderande arbeidsmiljø som legg vekt på samhald og fagleg utvikling, og vi ønskjer deg hjarteleg velkomen til å søkje!

Arbeidsoppgåver

  • Optimalisering og forvalting av kliniske fagsystem
  • Systemansvar for pasientdatasystem med særleg fokus på løysingar for legemiddel og kurve
  • Prosjektdeltaking
  • Brukarstøtte og undervisning
  • Kvalitetsforbetringsarbeid
  • Rapportering til styresmakter, eigar og leiing i føretaket

Kvalifikasjonar

  • Sjukapleiar eller anna relevant helsefagleg utdanning
  • Erfaring frå arbeid i sjukehus og kompetanse på dei elektroniske pasientsystema som brukes i Helse Fonna er ønskeleg
  • Interesse for systemarbeid i kliniske system
  • Prosjekterfaring er ein fordel
  • Grunnleggande IKT-kompetanse
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du

  • er ein strukturert, systematisk og ansvarsbevisst medarbeidar som kan løyse problemstillingar på eige initiativ
  • har gode kommunikasjonseigenskapar, skriftleg og munnleg
  • kan jobba sjølvstendig og i team og prioritere oppgåver etter behov
  • er fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • er tydeleg og løysingsorientert
  • er serviceinnstilt
  • har evne å sjå heilskap i arbeidsprosessar på tvers av system

Personleg egnethet vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein interessant og utviklande arbeidsplass som har tverrfagleg kompetanse og høge ambisjonar
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver
  • Moglegheit for utvikling innan eit bredt spekter av teknologi og tenester
  • Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 


Mangfaldserklæring 
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Kontaktinformasjon

Åse Lervik Steine, Avdelingsleiar – Avdeling for Helsedata, +47 52 73 20 83

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4879287751
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver EPJ-senter Haugesund sjukehus orgnr: 974724774
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0932d6de-3ce7-4d40-ad68-6ea406bdaeb7
IMPORTAPI