Konstitusjon som tingrettsdommar i 6 måneder – Møre og Romsdal tingrett
Kontor og økonomi Juridisk arbeid(4 days ago)
Job Description
Published 21-11-2024
Deadline: 06-12-2024
Konstitusjon som tingrettsdommar i 6 måneder
Om stillinga
Det blir ledig ein 6 månaders konstitusjon som tingrettsdommar ved Møre og Romsdal tingrett, rettsstad Molde. Tiltreding etter nærare avtale.
Kvalifikasjonskrav
Søkarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap. Søkarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkarane finn du på www.domstol.no/no/innstillingsradet/. For kandidatar som blir innstilte, krev vi utvida politiattest.
Vi tilbyr
- eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid med rom for fagleg utvikling
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
Lønna for tingrettsdommar er per i dag kr. 1 351 700,-.
Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, som for tida er 2%.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Møre og Romsdal tingrett orgnr: 974745623 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Norges domstolar har ønske om å vere ein inkluderande og mangfaldig arbeidsplass ,der alle medarbeidarar blir verdsette og har like moglegheiter. Mangfald er ein styrke, og vi vil legge til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om tilrettelegging her: https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling. Møre og Romsdal tingrett skal med verknad frå 10. juni 2024 delast opp i to nye domstolar. Denne konstitusjonen vil dermed halde fram i Normøre og Romsdal tingrett. Den som blir utnemnd, må utan erstatning finne seg i dei endringar som vil skje i rettskrinsen. Personopplysningar i søknad og CV til stillinga blir handterte i samsvar med personopplysningslova. Du kan lese meir om personvern på www.domstol.no. Her finn du òg generell informasjon om domstolane. Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd for høvet til å bli unnateken frå denne. Meir informasjon om domstolane finn du på www.domstol.no. Dersom du ber om konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på at opplysningar om søkar likevel kan gjerast offentleg, jf. offentleglova § 25.
|
Webside | http://www.domstol.no/sunnmore |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Juridisk arbeid |
Sted | MOLDE (Adresse: Julsundvegen 9, Molde Postnr: 6401) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 06-12-2024 |