Job Description

Published 09-01-2025
Deadline: 02-02-2025

 

Kommunikasjonsrådgjevar – vikariat ved campus Førde

Høgskulen på Vestlandet, campus Førde, har ledig vikariat i 100 % stilling som kommunikasjonsrådgjevar

Stillinga ligg til Avdeling for kommunikasjon ved Høgskulen på Vestlandet og er eit vikariat i 100 % stilling. Tilsettingsperioden er på eitt år frå tiltreding.

Arbeidsstad er campus Førde.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Kommunikasjonsrådgjevaren vil arbeide med eit breitt spekter av oppgåver i rekrutterings- og marknadsarbeidet vårt, særleg retta mot potensielle studentar. Du vil mellom anna produsere, publisere og vedlikehalde innhald i HVL sine kanalar og ta del i ulike kommunikasjonsoppgåver i samarbeid med fakulteta.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelorgradsnivå, fortrinnsvis utdanning på masternivå
  • God skriftleg framstillingsevne, spesielt på nynorsk
  • Erfaring med kommunikasjonsarbeid eller marknadsføring er ein fordel

Ønska kvalifikasjonar:
Den beste kandidaten har dokumentert ei god strategisk kommunikasjons- og formidlingsevne.

Personlege eigenskapar:

  • Positiv, fleksibel, serviceinnstilt og engasjert
  • Du må både kunne arbeide sjølvstendig og vere ein god lagspelar
  • Vere ein positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som kommunikasjonsrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 – rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad.  Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga.  Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å starte i stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til bruk i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Nestleiar ved Avdeling for kommunikasjon 
    Helge Olsen
    E-post helge.olsen@hvl.no / Tlf   +47 55 58 75 54 
    

Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Høgskulen på Vestlandet orgnr: 874652032
Kort om arbeidsgiver

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Avdeling for kommunikasjon har ansvar for å leggje til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og sørgje for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt.

Webside http://www.hvl.no
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Journalistikk, kommunikasjon og litteratur
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen Postnr: 6812)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-02-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d8d32765-845e-4cdf-90b9-d64d0273cad0
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/273027