Job Description

Published 23-10-2024
Deadline: 15-11-2024

 

Kommunikasjonsrådgjevar (vikariat/engasjement)

KORO har ledig eit vikariat/engasjement som kommunikasjonsrådgjevar for ein periode på eitt år, helst frå januar 2025.

Vi søker ein kunnskapsrik og kreativ kommunikasjonsrådgjevar som kan styrka formidlinga av kunst i offentlege rom til ei stor og variert målgruppe; det allmenne publikum, mottakarinstitusjonar, kunstfeltet, samarbeidspartnarar, presse og media.
 
Seksjon for formidling og kommunikasjon i KORO er ei lita og entusiastisk eining med fire tilsette som, i samarbeid med gode kollegaer i resten av KORO, skal auke interessa, kunnskapen og engasjementet for kunst i offentlege rom. Kunstproduksjonane i KORO er organisert i sjølvstendige prosjekt, og den som vert tilsett vert og ein del av utvalde prosjektgrupper. Stillinga rapporterer til leiar for seksjon for formidling og kommunikasjon. 
 
KORO har for tida ei rekke større oppdrag, mellom anna kunst til det nye regjeringskvartalet i Oslo. Omlag halvparten av arbeidet til stillinga vil være knytt til dette prosjektet.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre kommunikasjons- og formidlingstiltak knytt til kunstprosjekt i arbeid og for kunst som inngår i samlinga til KORO
  • Produsere tekstar og innhald til nettsider, nyhendebrev og sosiale media
  • Redigere og oppdatere nettsider
  • Pressemeldingar, pressebilete og mediekontakt
  • Delta aktivt i det interne tverrfaglege og prosjektorienterte arbeidet i KORO
  • Arkivering og dokumentasjon 

Kvalifikasjonar

  • God penn og auge for formidling av visuell kunst
  • Kunstfagleg kompetanse og/eller solid kjennskap til kunstfeltet
  • Gode formuleringsevner på norsk (vi bruker begge målformer) og engelsk
  • Erfaring med digital kommunikasjon og formidling i ulike kanalar og plattformer (kjennskap til Indesign og WordPress er ein fordel)
  • Relevant utdanning på bachelor- eller masternivå, til dømes innan kommunikasjon, journalistikk, formidling, og/eller kunst- og kulturfag

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert
  • Gode kommunikasjons-, samarbeids- og gjennomføringsevner
  • Effektiv og engasjert

Vi tilbyr

Interessante arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø. Stillinga vert lønna i lønnsspennet 600 000 – 700 000, i stillingskode 1434/1364, rådgjevar/seniorrådgjevar, i lønnsregulativet i Staten. Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar. Medlemskap i Statens pensjonskasse.

Kontaktinformasjon

Nina Frang Høyum, Leder, seksjon formidling og kommunikasjon, 48034852

Arbeidssted

Victoria terrasse 11
0251 OSLO

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: KORO – KUNST I OFFENTLIGE ROM

Referansenr.: 4875920187
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.01.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 15.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver KORO – KUNST I OFFENTLIGE ROM orgnr:
Kort om arbeidsgiver

KORO arbeider med produksjon, formidling, forvalting og utvikling av kunnskap innanfor kunst i offentlege rom. Vi har som mål at samtidskunst av høg kvalitet skal vere tilgjengeleg for eit breitt publikum over heile landet. KORO er staten sitt fagorgan for kunst i offentlege rom og er ei eining under Kulturdepartementet. Vi har 27 medarbeidarar og kontor sentralt i Oslo. Verksemda til KORO er i stor grad organisert i tverrfaglege prosjektgrupper.

KORO vil ha ein arbeidsplass som speglar mangfaldet i samfunnet. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi legg til rette for arbeidstakarar, til dømes ved å tilby tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

 

Webside http://www.koro.no/
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Journalistikk, kommunikasjon og litteratur
Sted OSLO (Adresse: Victoria terrasse 11 Postnr: 0251)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 02-01-2025
Søknadsfrist 15-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e96c440a-6907-4103-8002-b2c79bb38850
IMPORTAPI