Job Description

Published 26-12-2024
Deadline: 16-01-2025

 

Kommunikasjonsrådgjevar

Vi er DIO!

Det nye regjeringskvartalet er i ferd med å reise seg og vil opne for nye arbeidsformer, moglegheiter og utfordringar, gjennom forsterka tryggleik og større teknologisk moglegheitsrom.

Vår ambisjon? Å utløyse krafta i fellesskapet.

Med eit stort og kompetent tverrfagleg miljø, treng vi fleire dyktige kollegaer som kan hjelpe oss med å skape løysningar som verkeleg betyr noko for samfunnet. Vil du vere med på å styrkje Noregs demokratiske institusjonar gjennom teknologi?

Første januar 2025 blir vi departementa sin digitaliseringsorganisasjon – DIO.

Vi står overfor ein betydeleg endringsreise. Tre IKT-organisasjonar skal transformerast til éi digitaliseringsorganisasjon, med felles kultur, tankesett og ambisjonar. Dette krev ein fremtidsretta HR-strategi og solid støtte til våre leiarar – og her kjem du inn.

Kva blir dine oppgåver?

Som kommunikasjonsrådgjevar i seksjon for HR og kommunikasjon vil du ha ei sentral rolle i å sikre at DIO sitt bodskap når ut til våre eksterne målgrupper. Du vil vere ansvarleg for vår eksterne verksemdskommunikasjon, inkludert mediehandtering, krisekommunikasjon og vår tilstadeværelse i ulike eksterne kanalar. I tillegg vil du gi strategisk kommunikasjonsrådgjeving til leiinga, utarbeide retningslinjer for kommunikasjonsarbeidet, og vere ansvarleg for å sikre at vårt bodskap er i tråd med DIO sine mål og verdiar.

Som kommunikasjonsrådgjevar vil du ha ansvar for:

  • utarbeide og implementere kommunikasjonsstrategiar: for DIO sin eksterne verksemdskommunikasjon, inkludert
    kommunikasjonsplanar for ulike prosjekt.
  • strategisk kommunikasjonsrådgjeving: Førebu kommunikasjonsfaglege saker for verksemdsleiinga og sikre at bodskapen er i tråd med DIO sine overordna mål og verdiar.
  • presse- og mediehandtering: Handtere presse- og mediehenvendelsar og sikre at DIO er godt førebudd på mediehandtering og pressehandtering.
  • planleggje og gjennomføre krisekommunikasjonstiltak: Utvikle og vedlikehalde krisekommunikasjonsplanar for å sikre rask og effektiv kommunikasjon i tilfelle uforutsette hendingar.
  • redaktøransvar for eksterne kommunikasjonsflater: Forvalte og utvikle verksemda sine eksterne kommunikasjonsflater, inkludert nettsider og sosiale medium.
  • policyar og retningslinjer: Ansvar for utarbeiding og oppdatering av retningslinjer og rutinar på kommunikasjonsområdet.

Kven er du?

Vi søkjer deg som har:

  • høgare utdanning innan kommunikasjon, medier, journalistikk eller tilsvarande. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • solid erfaring med ekstern verksemdskommunikasjon, inkludert strategisk rådgjeving og mediehandtering.
  • dokumentert erfaring med å utvikle og implementere kommunikasjonsstrategiar for komplekse organisasjonar.
  • erfaring med presse- og mediehandtering, inkludert krisekommunikasjon, gjerne frå offentleg sektor.
  • erfaring med redaktøransvar for nettsider og andre kommunikasjonsflater.
  • god forståing for politiske prosessar og offentleg forvaltning.

For å lukkast og trivast i DIO er du en ansvarleg pådrivar som:

  • er engasjert: Du er motivert av vårt samfunnsoppdrag og ønskjer å bidra til fellesskapets beste.
  • er proaktiv og løysningsorientert, med evne til å tenkje strategisk og handle operativt.
  • er ein lagspelar: Du trivst med å samarbeide tett med leiing og tverrfaglege team, og byggjer tillit gjennom gode relasjonar og kommunikasjon.
  • har gjennomføringsevne: Du er strukturert, og jobbar effektivt, sjølv under tidspress.
  • er utviklingsorientert: Du er fleksibel og open for endringar, og driv kontinuerlig forbetring. 
  • har svært god framstillingsevne på norsk, muntleg og skriftleg. 

Vilkår og betingelsar

Vi tilbyr: 

  • eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag.
  • gode utviklingsmoglegheiter og moglegheit til å påverke selskapets vidare utvikling.
    ansvarsfull, utfordrande og variert kvardag i ein innovativ og vekstorientert organisasjon.
  • eit inkluderande fagmiljø beståande av høgt kompetente medarbeidarar, med fokus på trivsel og fagleg utvikling.
    gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • fleksibel arbeidstid og øvrige velferdsgoder.
  • lokaler i hjartet av Oslo.

DIO er ein ny etat som blir operativ frå 1.1.2025. Ettersom vi er under etablering, må du trivast i ein uforutsigbar og hektisk kvardag, og kunne tilpasse deg nye arbeidsformer, arbeidsoppgåver og endringar i organisering. Vi gjer merksam på at arbeidsoppgåver, innen relevant ansvarsområde, kan endrast for å tilpasse DIO sine utviklingsbehov og strategiske målsettingar.

Stillingen blir lønna som seniorrådgivar (stillingskode 1364) med bruttolønn pr. år frå kr 720 100 – 845 900, jf. Hovudtariffavtalene i staten. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.

Tilsetjing føreset at kandidaten kan sikkerheitsklarerast for nivå HEMMELEG / NATO SECRET, etter krav i Sikkerheitslova, på tiltredingstidspunktet. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om deg som søkjar bli gjort offentlege, sjølv om du har bedt om å bli unntatt frå søkjarlista.

Vil du bli ein av oss?
Vil du snakke med oss om stillinga? Då kan du kontakte:

  • Unni Anette Johnsrud, Fungerande avdelingsdirektør for digitale tenester DSS, e-post: Unni-anette.johnsrud@dss.dep.no
  • Emilia Isabelle Handeland, Rekrutteringsrådgivar DSS, e-post: Emilia-Isabelle.Handeland@dss.dep.no

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Departementenes digitaliseringsorganisasjon orgnr: 932931419
Kort om arbeidsgiver

DIO er departementa sin digitaliseringsorganisasjon. Vi understøtter to av landets viktigaste demokratiske institusjonar – regjeringa og departementa. Vårt oppdrag er å styrkje deira evne til å løyse komplekse samfunnsoppdrag gjennom sikker teknologi, digitalisering og innovasjon.

Våre grunnverdiar er å vere ansvarleg, inkluderande og ein pådrivar for positiv endring.

Vi trur at ved å omfamne mangfald og fremje ein inkluderande kultur blir vi betre rusta til å møte desse utfordringane. Folk med ulike bakgrunnar og perspektiv finn nye og kreative måtar å løyse oppgåver på, noko som er avgjerande for vår evne til å levere effektive og innovative løysingar.
 

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i nemnde grupper må du oppfylle visse krav. Les meir om dette
på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling. Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbsøkarportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn.

  • Eigardepartement: Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)
  • Direktør: Anders Aagaard Sørby
  • Tilsette: ca. 230 personar
  • Hovudkontor: Biskop Gunnerus gate 6 (Byporten) i Oslo, med supplerande lokaler i regjeringskvartalet, Kvadraturen, Nydalen og i Victoria Terrasse.
  • Operativ frå: 01.01.2025.

Les meir på dio.dep.no.

Webside https://www.dio.dep.no/
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Journalistikk, kommunikasjon og litteratur
Sted OSLO (Adresse: Biskop Gunnerus gate 6 Postnr: 0154)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 16-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/198931cd-3f1f-4d0e-8eba-e0ab9ca0e289
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/272882