Kommuneoverlegen – Øygarden kommune Kommuneoverlegen

Health and social care Doctor

(2 weeks ago)

  • STRAUME
  •  Post Date: 3. November 2024
  •  Expire date: 18. November 2024
Job Description

Published 03-11-2024
Deadline: 18-11-2024

 

Kommuneoverlegen

Om stillinga:

Vikariatet er i utgangspunktet lokalisert til Tednebakkane sjukeheim på Rong, men det kan også væra aktuelt at vikarstillinga vert nytta ved andre sjukeheimar i kommunen. Flyktninghelsetenesta er lokalisert på Straume.

Arbeidsoppgåver:

  • Tilsynslege på sjukeheim.
  • Lovpålagte helseundersøkingar

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Fullført turnusteneste/LIS1 teneste.
  • Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Personlege eigenskapar vil bli særskild vektlagd

Anna:

  • Vikariatet er frå 01.12.2024-30.11.2025

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Kommuneoverlege Stein-Inge Stigen

Stein.stigen@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Øygarden kommune Kommuneoverlegen orgnr:
Kort om arbeidsgiver Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted STRAUME (Adresse: Foldnesvegen Postnr: 5353)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 18-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/dec51f3e-8aa1-49f3-b023-b7c220e13dc5
IMPORTAPI