Kommunalsjef samfunn – Gulen kommune
(5 days ago)
Job Description
Published 25-03-2025
Deadline: 09-04-2025
Kommunalsjef samfunn
Er du ein strategisk og engasjert leiar med eit brennande engasjement for samfunnsutvikling?
Gulen kommune søkjer ein utviklingsorientert og handlekraftig kommunalsjef for samfunnsområdet. Dette er ei sentral leiarstilling med ansvar for samfunnsplanlegging, beredskap, eigedomsforvaltning, areal- og samfunnsutvikling, samt andre oppgåver knytt til kommunen si utvikling.
Stillinga er 100% fast, med oppstart frå snarast/etter avtale med kommunedirektør.
Om stillinga
Som kommunalsjef samfunn vil du ha eit overordna ansvar for utvikling og drift av samfunnsområdet i Gulen kommune. Du vil arbeide strategisk med planarbeid, beredskap, næringsutvikling, klima- og miljøtiltak, samt sikre berekraftig utvikling av kommunen. Stillinga rapporterer direkte til kommunedirektøren og inngår i kommunedirektøren si leiargruppe.
Me tilbyr
- Ei spennande leiarstilling med stor moglegheit til å påverke utviklinga i Gulen kommune
- Varierte arbeidsoppgåver i ein kommune med ambisjonar for framtida
- Eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
- Konkurransedyktige vilkår
- Gode forsikring og pensjonsordningar
Ansvarsområde
- Overordna ansvar for samfunnsutvikling, planarbeid og beredskap
- Følgje opp einingane eigedom, plan, landbruk og teknisk, samt avdeling for innbyggarservice
- Samarbeid med næringsliv, innbyggjarar og regionale aktørar
- Sikre god styring og kvalitetsutvikling innan ansvarsområda
- Initiere og gjennomføre strategiske utviklingsprosjekt
- Budsjett- og personalansvar
- Oppgåver kan endre seg/kome til i høve kommunen sitt behov
Kvalifikasjonar
- Vi søker deg som har relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan samfunnsplanlegging, ingeniørfag, juss eller administrasjon. Du har leiarerfaring og nokre års kjennskap til offentleg forvaltning på overordna nivå
- Du har god forståing for samfunnsutvikling og planprosessar og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du må trivast med å jobbe i eit miljø der dagane ikkje alltid er forutsigbare og oppgåver til tider må omfordelast. Du må difor vere løysingsorientert, strategisk, og handlekraftig med god gjennomføringsevne
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Sertifikat for bil
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ein tydeleg leiar med ein inkluderande leiarstil
- Vi ynskjer deg som er beslutningsdyktig og resultatorientert
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og god relasjonskompetanse
- Du må ha evne til gjennomføring
- Du må kunne tenke heilskapleg, strategisk og langsiktig
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkarjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Sletting av studielån
Bur du i Gulen kommune og er i jobb kan du få sletta 25 000kr av studielånet ditt (oppteninga startar 01.01.2025, som gir gjeldssletting tidlegast 01.01.2026). Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt. Alle yrkesaktive som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 frå 01.01.2025, eller flyttar hit når som hels etter denne datoen, vil etter eitt år kunne få sletta 25 000kr i året. Tiltaket gjeld alle typar utdanningsgjeld, uavhengig av når den er teken opp (kjelde, www.regjeringa.no).
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Gulen kommune orgnr: 974556073 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon. |
Webside | https://www.gulen.kommune.no/ |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Ledelse, administrasjon og rådgivning |
Sted | EIVINDVIK (Adresse: Eivindvikvegen 1119 Postnr: 5966) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 09-04-2025 |