Kolltveit skule – Øygarden kommune Kolltveit skule

Education Primary School

(3 days ago)

  • KOLLTVEIT
  •  Post Date: 15. September 2024
  •  Expire date: 30. September 2024
Job Description

Published 15-09-2024
Deadline: 30-09-2024

 

Kolltveit skule

Om avdelinga:

Kolltveit skule er ein fulldelt barneskule med omlag 250 elevar fordelt på 14 klassar. Skulen ligg sentralt i Øygarden kommune på Kolltveit om lag 5 minutt med bil aust for Straume. Skulen har siste året gjennomført ei ombygging som har gjort arbeidstilhøva meir tilpassa og moderne. Vidare satsar skulen på forskingsbasert utvikling i eit profesjonelt kollegafellesskap.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning, for- og etterarbeid.
  • Kontaktlærararbeid, elev- og foreldreoppfølging.
  • Skuleutvikling, bidra til utvikling av skulen i kollegafellesskapet.

Kvalifikasjonar: 

  • Grunnskulelærarutdanning for 1. – 7. trinn
  • Allmennlærarutdanning 1. – 10. trinn
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Har eit positivt elevsyn og er oppteken av barn og unges læring og utvikling.
  • Vil bidra til eit godt læringsmiljø.
  • Kan ta på seg kontaktlærarfunksjonen
  • Bruker IKT som et naturleg verktøy i undervisninga, i samarbeid med kollegaer og føresette
  • Er tydelege vaksne, løysningsorienterte og utviklingsorienterte
  • Er fleksible og har gode samarbeidsevner
  • Vil bidra til eit godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt

Personlege eigenskapar:

  • Det vert lagt vekt på god evne til kommunikasjon med føresette, medarbeidarar og eksterne samarbeidspartnarar.
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og å finna løysingar i møte med skuleleiing og tenestemottakarar.
  • Nytenkande og kreativ i utvikling av skulefritidsordninga med mål om best mogeleg kvalitet for elevar og foreldre.
  • Forståing for omdømebygging og heilskapstenking.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Anna: 

Vikariat frå 09.12.24 – 31.07.25

Kontakt:

Odd Erik Kjeldstad

Rektor: Kolltveit skule

Telefon: 99645370

                

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Øygarden kommune Kolltveit skule orgnr: 975295109
Kort om arbeidsgiver Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted KOLLTVEIT (Adresse: Alebakkane 18 Postnr: 5360)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/53a68d78-119a-4f4d-90d5-9f5ebef66df6
IMPORTAPI