Kokk på Bessheim i Jotunheimen – As Bessheim Fjellstue

Reiseliv og mat Kokk

(8 hours ago)

  • TESSANDEN
  •  Post Date: 17. October 2024
  •  Expire date: 3. January 2025
Job Description

Published 17-10-2024
Deadline: 03-01-2025

 

Kokk på Bessheim i Jotunheimen

KOKK

Vil du vera med kjøkensjef Bjørn, Marit, Irene, Aleksander og Mathias å lage mat? Ein kokkemedarbeiderar startar med nye utfordringar, så vi ser oss om etter ein ny kokk. Samt ein kjøkenassistent for juni, juli, august og september 2025.

Bessheim ligg i Jotunheimen, rett ved fylkesveg 51 over Valdresflye. Dei fleste gjestane kjem hit for å gå tur eller å gå på ski, men mange besøkjer oss på grunn av maten også. Besseggen er eit viktig trekkplaster. Kan vera ein fordel å vera interessert i naturen; til dømes turgåing, fisking, jakt, friluftsliv mm. Men det viktigaste er interessen for norsk tradisjonsmat.

Vi serverer tradisjonell norsk mat, og brukar mykje elg, hjort, rein og fjellaure. Vi lagar det meste av maten frå botnen av, og legg vekt på å servere heimelaga, norsk, god og nok mat. Vi er ikkje redde for å servere sjømat eller internasjonale rettar heller. Mange gjestar bur i fleire døgn, særleg om vinteren, så variasjon er viktig. Vi har frokostbuffet kvar morgon, middagsservering frå ein a la carte meny frå 13.30 kvar dag og treretters meny eller middagsbuffet kvar kveld. Vi er godt innarbeidde, men prøver å vera opne for nye idear og impulsar på matfronten. Vi vil gjerne vidareutvikle kjøkenet vårt saman med nye medarbeidarar.

Ser for oss oppstart 19. februar og slutt ca 10. oktober 2025. Det er ein god kjøkengjeng på 4-5 personar som vi allereie veit skal vera med oss neste sesong. Når det gjeld kjøkenassistentar så har vi behov frå midten av juni til sist i september. Matinteresserte skuleelevar og studentar kan godt søkje for sommarferien og hausthelgene. Det er ein fordel at vedkomande blir med i påska og nokre vårhelger også for å bli kjent.

Fast tilsetting kan vera aktuelt. Vi har sesong frå fyrst i februar til fyrst i oktober kvart år, med 2-3 veker stengt sist i mai/fyrst i juni. Det er alltid eit par veker med førebuingar før sesong og eit par veker med avslutning og skjering av elg- og hjortekjøt etter at vi stengjer. Er du fleksibel med arbeidsoppgåver sysselset vi rette vedkomande utover dette også.

Ungdommeleg og til tider hektisk miljø. Mange sommartilsette har vore med oss i fleire sesongar. Alle som arbeider her har kosten her og bur her.

Kan dette vera interessant for deg?

Helsing Bjørn og Kari, Bessheim

Tlf 61238913

E-post: post@bessheim.no

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver As Bessheim Fjellstue orgnr: 971665572
Kort om arbeidsgiver

Bessheim Fjellstue ligg i Vågå Kommune i Jotunheimen. Vi har 180 senger fordelt på 27 hytter og 27 rom. Campingplass. Matservering. Frokostbuffet, a la carte og treretters middag eller buffet kvar kveld. Vi er mange tilsette på kjøkenet og brukar mykje tid og ressursar på å lage god mat. Det er 7-8 tilsette på vinteren og omlag 25 tilsette om vinteren. Sesong frå ca 1. februar til 5. oktober kvart år. Dei fleste turistane som kjem hit gjer det for å gå i fjellet, anten til fots eller på ski.

Webside https://www.bessheim.no
Bransje Reiseliv og mat
Yrke Kokk
Sted TESSANDEN (Adresse: Sjodalsvegen 2977 Postnr: 2683)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse 19-02-2025
Søknadsfrist 03-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/77fcbd1c-d24f-4704-b9f7-8dd915848539
Stillingsregistrering