Kokk i 50% fast stilling i Omsorgstenesta vest Utneheimen – Ullensvang kommune Utneheimen

Reiseliv og mat Kokk

(12 måneder ago)

  • ODDA
  •  Post Date: 6. December 2023
  •  Expire date: 21. December 2024
Job Description

Published 06-12-2023
Deadline: 21-12-2024

 

Kokk i 50% fast stilling i Omsorgstenesta vest Utneheimen

Ledig fast stilling som kokk – stillingsstorleik 50 %

Om arbeidsplassen:
Pleie og omsorg vest er stasjonert på Utne og er ei samordna teneste. Det vil seie at me driftar både
sjukeheim, vaskeri, kjøkken og heimetenester. Personalet kan få oppgåver både på institusjonen
og i heimetenesta.

Sjukeheimen består av 24 plassar, der 6 av dei er tilrettelagt for personar med demenssjukdom. I
heimetenesta yter ein tenester til om lag 60 pasienter.

I tillegg har Utneheimen kjøkken og vaskeri. På kjøkkenet treng me no ein ny kollega. Stillinga er ei
fast stilling på 50 %. Saman med dei andre kollegaene på kjøkkenet skal ein lage og tilberede mat til
pasientane på sjukeheimen og nokre pasientar i heimetenesta .

Arbeidsoppgåver:
● Tilberede alle måltider
● Lage middag
● Lage mat som er tilpassa pasientane sine behov
● Bake
● Reinhald
● Bidra til utarbeiding meny
● Følge eininga sine prosedyrer og rutinar.

Ynskte kvalifikasjonar:
● Fagbrev som kokk , men søkjar med erfaring frå slikt arbeid kan verte vurdert
● Ynskjeleg med erfaring frå arbeid på institusjonskjøkken eller anna storkjøkken

Personlege eigenskapar:
● Endringsdyktig
● Gode samarbeidsevner
● Positiv

Me tilbyr:
● Varierte arbeidsoppgåver
● Spennande arbeid
● Lønn etter hovudtariffavtalen
● Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
● Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode
permisjons- og pensjonsvilkår.

Krav:
● Politiattest
● Godkjend tuberkulinstatus

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ullensvang kommune Utneheimen orgnr: 913877551
Kort om arbeidsgiver – ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Webside
Bransje Reiseliv og mat
Yrke Kokk
Sted ODDA (Adresse: Opheimsgata 31 Postnr: 5750)
Stillingstype Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6d94c156-84dc-427a-8914-9e2a0dd5a6be
IMPORTAPI