Kokk – fast 100 % stilling – Stiftelsen Røde Kors Nordisk United World College
Reiseliv og mat Kokk(6 hours ago)
Job Description
Published 25-11-2024
Deadline: 16-12-2024
Kokk – fast 100 % stilling
Vi har ledig fast stilling som kokk for turnusarbeid i ein internasjonal og mangfaldig organisasjon.
Hva vi ser etter
Vi søkjer deg som er nøyaktig, flittig og oppteken av å ha det kjekt på arbeid saman med gode kollegaer og som ynskjer å gjere ein forskjel. Vi har som mål at matopplevinga hos oss skal vere sunn, fristande, reflektere skulen sitt ideal om bærekraft og gje elevar og gjestar gode matopplevingar.
Personlege eigenskapar
-
Interesse for mat
-
Ynskje om å vere del av eit team som er ein særs viktig del av skulen
-
Ha god struktur og like og evne å jobbe sjølvstendig og i Team
-
Ha høg integritet og kan trivast med arbeid i eit dynamisk miljø med elevar og tilsette med ulik kulturell og etnisk bakgrunn, jamfør UWC sine verdiar og misjon
Arbeidsoppgaver
-
Kokkane våre er teamleiarar, og har ansvar for drift av kjøkkenet på sine skift.
-
Kokkane inngår i ein turnusplan med arbeid morgon, middag og kveld, og sidan skulen er heim for omlag 200 studentar så vil det også inngå helgarbeid kvar tredje veke i turnusen.
-
Internkontroll (IK mat)
-
God varehandtering
-
Produksjon av varmmat, kaldmat og salatbar
Vi tilbyr
-
Ein strukturert arbeidskvardag med høve til ulike kurs og eigenutvikling
-
Løn etter KS tariff
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
-
Tilgang til Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter sine basseng og treningsrom
-
Tilgang til ulike utandørsaktivitetar, organisert gjennom skulen
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Stiftelsen Røde Kors Nordisk United World College orgnr: 973601024 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
UWC Røde Kors Nordisk er ein internatskule for 200 elevar i alderen 16-19 år, frå meir enn 80 ulike land. Elevane gjennomfører eit to-årig studieprogram – International Baccalaureate (IB) Diploma. Skulen starta opp i 1995, er mellom anna finansiert av offentlege midlar frå dei nordiske landa og ligg idyllisk plassert ved Flekkefjorden i Fjaler kommune på Vestlandet. Skulen har om lag 65 tilsette og har to datterselskap, UWC Connect AS og Verdsgrenda Eigedom AS. UWC Connect har ansvar for andre aktivitetar som mellom anna leirskule, sommarleirar og som vertskap for ulike grupper som kjem for å oppleve det unike miljøet på skulen. Verdsgrenda Eigedom AS eig og forvaltar bygg på eigedomen. UWC RCN er eit unikt miljø på ein unik stad. Du vil neppe finne liknande miljø med slik variasjon i mangfald, utfordringar og interessante oppgåver. Vi er eit fleirkulturelt samfunn, der alle har eit ansvar for studentane og gjestane sin velferd, utdanning og opplæring, og der vi jobbar tett ilag. |
Webside | https://www.uwcrcn.no |
Bransje | Reiseliv og mat |
Yrke | Kokk |
Sted | FLEKKE (Adresse: Hauglandsvegen 304 Postnr: 6968) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-03-2025 |
Søknadsfrist | 16-12-2024 |