Klinisk terapeut – Bykle kommune, Bykle
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(21 hours ago)
Job Description
Published 05-11-2024
Deadline: 22-11-2024
Klinisk terapeut
Bykle kommune og Valle kommune har felles helseteneste med Bykle kommune som vertskommune. Helsetenesta i Bykle og Valle har 24 tilsette fordelt på legeteneste, fysioterapi, ergoterapeut, jordmor, helsestasjons- og skulehelseteneste samt psykisk helse og familiestøtte.
Psykisk helse og familiestøtte i Bykle og Valle har ledig 100 % vikariat som klinisk terapeut frå så raskt som mulig til 31.08.2025, med moglegheit til forlenging.
Tenesta har kontor i Valle, Bykle og på Hovden og er ansvarleg for å førebygge, diagnostisere og behandle innanfor psykisk helse og avhengigheit. Det er tett samarbeid med dei andre tenesteområde i kommunen, samt spesialisthelsetenesta. Tenesteområdet er tverrfagleg samansett av terapeut, SLT- koordinator, ruskonsulent og psykolog.
Vi tilbyr ein allsidig jobbkvardag i vakker fjellnatur, og ønskjer deg med på laget!
Arbeidsoppgaver
- Behandling av pasientar med psykiske lidingar – alle aldersgrupper
- Arbeid målretta for å førebyggje og redusere rusmisbruk og psykiske lidingar
- Kartleggingsarbeid
- Støttesamtalar, rettleiing og oppfølging
- Tverrfagleg samarbeid med primær- og spesialhelsetenesta
- Noe systemarbeid må påregnes
Kvalifikasjoner
- Treårig relevant helsefagleg utdanning, primært med videreutdanning innen psykisk helse og/eller familieterapi
- Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus
- Ønskeleg med behandlingserfaring
- Ønskeleg med kompetanse innan familiearbeid, foreldrerettleiing, samt arbeid med born og unge
- Må beherske norsk godt, skriftleg og munnleg
- Grunnleggjande IKT-kunnskap, vi nyttar InfoDoc som journalsystem
Personlige egenskaper
- God på kommunikasjon og tverrfagleg samhandling
- Feksibel og ha evne til å arbeide sjølvstendig og tek ansvar for eigne vurderingar
- Ønsker å videreutvikle rus/psykisk helsearbeid i kommunen
- Motivert til å dele sin kunnskap med og å lære av andre
- Ha god etisk praksis både i arbeid med brukare og i samarbeid med kollegaer
Personlege eigenskaper vil bli vektlege.
Vi tilbyr
- God rettleiing av to erfarne psykologar
- Høve til å påverke og utforme arbeidsplassen
- Godt kollegialt fellesskap og ein arena for interessante, varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter kvalifikasjonar
- Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
- God pensjons- og forsikringsordning
- Mangfaldige moglegheiter til friluftsaktivitetar både sommar og vinter
Krav om politiattest ved tilsetting.
Kontaktinformasjon
Kjetil Juva, Lege med spesialitet, 97574410
Arbeidssted
Sarvsvegen 14
4754 Bykle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bykle
Referansenr.: 4882196857
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 22.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Bykle kommune, Bykle orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
Om Bykle:
Avstandar:
|
Webside | bykle.kommune.no |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | BYKLE (Adresse: Sarvsvegen 14 Postnr: 4754) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 22-11-2024 |