Job Description

Published 01-12-2024
Deadline: 12-12-2024

 

Klinisk ernæringsfysiolog

Vi søker ein engasjert og kompetent klinisk ernæringsfysiolog til ein spennande stilling som er delt mellom poliklinikk for overvekt (80%) og Seksjonen for klinisk ernæring (20%).

Som klinisk ernæringsfysiolog blir du ein del av eit godt fagmiljø på begge plassar. Vi jobbar for å gi eit best mogleg tilbod til pasientane og ikkje minst ønsker å forbetre tilbodet vi gir. Avdelingane har eit nært samarbeid og fleire medarbeidarar har delte stillingar. Kombinasjonsstillingar mellom avdelingane bidrar til eit tettare samarbeid.

Vi ser etter deg med erfaring innan fedme og som kan bidra til å oppretthalde og vidareutvikle det gode tilbodet vi har i dag. Vi har behov for ein som kan vere med å utvikle vårt tverrfaglege team som består av klinisk ernæringsfysiolog, sjukepleiar, fysioterapeut, psykolog, sekretær og lege.

Arbeidsoppgåver

Ved poliklinikk for overvekt

  • Utgreiing og oppfølging av pasientar med overvekt og relaterte helseproblem
  • Utarbeiding av individuelle kostholdsplanar og rettleiing
  • Deltaking i tverrfaglege møte og samarbeid med anna helsepersonell
  • Bidra til forsking og utvikling innan klinisk ernæring
  • Delta i undervisning og opplæring av kollegaer og studentar
  • Undervisning til pasientar

Ved seksjon for klinisk ernæring

  • Ernæringsbehandling av vaksne pasientar, herunder vurdering av ernæringsstatus og ernæringsbehov og tilpassa kostrettleiing eller utarbeiding av kostplanar
  • Stillinga er hovudsakleg knytt til poliklinikk
  • Undervisning, opplæring og rettleiing av pasientar, anna helsepersonell og studentar
  • Tverrfagleg samarbeid   

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog
  • Erfaring med pasientar med overvekt og ernæringsrelaterte sjukdommar er ein fordel
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å arbeide tverrfagleg
  • Interesse for forsking og utvikling innan fagområdet

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert og effektiv
  • Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
  • Du er god til å disponere tid og arbeidsoppgåver
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team

Vi tilbyr

  • To spennande og varierte arbeidsmiljø
  • Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Elona Zakariassen, Seksjonsleiar poliklinikk for overvekt, 91539107, elona.zakariassen@helse-bergen.no
Linn Anja Slåke Vikøren, Seksjonsleiar seksjon for klinisk ernæring, linn.anja.slake.vikoren@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Ulriksdal 2
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4876982568
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Medisinsk klinikk/ Tverrfagleg overvektspoliklinikk, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Ernæringsfysiolog
Sted BERGEN (Adresse: Ulriksdal 2 Postnr: 5009)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/78afb2d4-e24a-4fd0-b7ed-d4334dc09eea
IMPORTAPI