Klinisk ernæringsfysiolog – Medisinsk klinikk/ Seksjon for klinisk ernæring, Helse Bergen
Health and social care Ernæringsfysiolog(1 day ago)
Job Description
Published 02-12-2024
Deadline: 18-12-2024
Klinisk ernæringsfysiolog
Seksjon for klinisk ernæring (SKE) og Regional Avdeling Spiseforstyrringar (RAS), Haukeland universitetssjukehus, søker klinisk ernæringsfysiolog i 100% fast stilling frå 01.01.25
God ernæring er ein føresetnad for god helse, og kosthaldet har mykje å seie i førebygging og behandling av ei rekke sjukdommar. Den aktuelle stillinga vil vere 60 % knytt til SKE og 40 % knytt til RAS.
SKE ved Haukeland universitetssjukehus er ei eining i Medisinsk Klinikk, har 17 stillingsheimlar for klinisk ernæringsfysiolog og er eit stort ernæringsfagleg miljø. SKE er ei intern teneste og mottek pasienttilvisingar frå heile sjukehuset. Vi varetek pasientar med behov for ernæringsbehandling inneliggande og poliklinisk. Frå 2024 driftar SKE også den digitale Mage-tarmskulen, eit digital behandlingstilbod for pasientar med irritabel tarm. Mage-tarmskulen er blant dei første digitale behandlingstilboda i somatikken og skal i 2025 nasjonaliserast. Behandlingstilbodet er nytt og i utvikling. SKE-delen av stillinga vil i hovudsak vera knytt til arbeidsoppgåver ved Mage-tarmskulen.
RAS er ei av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, og er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområdet. Avdelinga har ansvar for alvorleg sjuke pasienter med spiseforstyrringar i Helse Vest. Pasientar som har gjennomført behandling i distriktspsykiatriske senter eller Klinikk psykisk helsevern for barn og unge utan tilstrekkeleg tilfriskning, kan tilvisast til RAS. Kompetanseutvikling og nettverksbygging i Helse Vest ligg også til RAS sitt oppdrag.
Til stillinga søker vi ein erfaren, sjølvstendig og engasjert klinisk ernæringsfysiolog som trivst med pasientretta arbeid på sjukehus. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Arbeidsoppgåver
Seksjon for klinisk ernæring
- Opplæring og rettleiing av pasientar med irritabel tarm i Mage-tarmskulen
- Utvikling og forbetring av Mage-tarmskulen
- Utgreiing, kostrettleiing og ernæringsbehandling av tilviste pasientar
- Undervising, opplæring og rettleiing av pasientar, pårørande, studentar og helsepersonell
- Arbeidsoppgåver som er naudsynte for at seksjonen til ei kvar tid skal vareta sine krav og oppdrag
- Kontinuerleg forbetringsarbeid i tråd med seksjonens målsetjingar og Helse-Bergen sin ernæringsstrategi
Regional Avdeling Spiseforstyrringar
- Vidareføre og utvikle RAS sin faglege ernæringskompetanse
- Vurdere ernæringstilstand og utarbeide kostplan før innlegging, samt tilpasse og ivareta ernæringsbehandling under behandlingsoppholdet
- Delta i tverrfagleg behandlingsteam
- Undervisning og opplæring av helsepersonell, pasientar og studentar
- Halde seg oppdatert innan ernæringsfaget generelt og spiseforstyrringar spesielt
- Utarbeide og oppdatere ernæringsfaglege prosedyrar og rutinar ved avdelinga
- Delta i nasjonalt klinisk fagleg nettverk for spiseforstyrringar for KEF
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog
- Erfaring med ernæringsbehandling av pasientar i sjukehus
- Erfaring med undervisning
- Erfaring med og særleg interesse for behandling av sjukdommar knytt til mage/tarm er ønskeleg
- Erfaring frå psykiatri og særleg interesse for behandling av spiseforstyrringar
- Det er ønskeleg med erfaring med DIPS og MEONA
- Søkar må ha særs gode norskkunnskapar og bør trivast godt med skriftleg arbeid
Personlege eigenskapar
- Vi søker ein klinisk ernæringsfysiolog som tar initiativ ovanfor sine tildelte arbeidsoppgåver og som er fagleg engasjert
Hos oss er det viktig at:
- Du er fagleg sterk og har evne til å jobbe sjølvstendig
- Du trivst med varierte arbeidsoppgåver, er fleksibel og tilpassingsdyktig
- Du strukturerer arbeidskvardagen og oppgåvene du blir tildelt
- Du er god til å samarbeide og bidreg til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
- Du har engasjement for pasientgruppa og ønsker å utvikle kompetansen din
- Du trivst med tverrfagleg behandling og samarbeid
Vi tilbyr
- Varierte faglege utfordringar og gode mogelegheiter for personleg og fagleg utvikling
- Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Aktivt bedriftsidrettslag
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Linn Anja Slåke Vikøren, Seksjonsleiar, 55973826, linn.anja.slake.vikoren@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4892088218
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Medisinsk klinikk/ Seksjon for klinisk ernæring, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Ernæringsfysiolog |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 18-12-2024 |