Klinikksjef Volda sjukehus – Helse Møre og Romsdal HF

(6 days ago)

  • VOLDA
  •  Post Date: 23. March 2025
  •  Expire date: 7. April 2025
Job Description

Published 23-03-2025
Deadline: 07-04-2025

Klinikksjef Volda sjukehus

Volda sjukehus er lokalsjukehus for kommunane på søre Sunnmøre og dekkjer eit nedslagsfelt med omlag 50 000 innbyggjarar i tillegg til pasientar frå nordre delar av Vestland fylke. Volda sjukehus er ein del av Helse Møre og Romsdal HF og har tett samarbeid med dei andre sjukehusa i fylket. Sjukehuset har om lag 500 tilsette og det er vaktfunksjon innan medisin, kirurgi, ortopedi, gynekologi, anestesi og radiologi. I tillegg til desse fagområda er distriktspsykiatrisk senter (DPS) med poliklinikk og sengepost og ein barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) lokalisert i Volda.

Vil du leie klinikk Volda og vere med å utvikle helsevesenet for framtida?

I Volda er vi kjende for engasjement for pasientomsorg, innovasjon og fagleg utvikling. Klinikksjefen er leiar for seksjonsleiarane og to rådgjevarar. Klinikksjefen utgjer saman med administrerande direktør, dei andre klinikksjefane og stabsdirektørane føretaksleiinga i Helse Møre og Romsdal. Føretaksleiinga har eit heilskapleg ansvar for helseføretaket sine visjonar og verdigrunnlag, ansvar for mål og samla oppdrag med måloppnåing innanfor dei økonomiske rammene.  

Vi ser etter ein ambassadør for helseføretaket sine kjerneverdiar; tryggleik, kvalitet og respekt som evnar å jobbe strategisk for at klinikken og helseføretaket kan møte morgondagens krav, rammer og forventingar til spesialisthelsetenesta.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for dagleg drift og leiing av klinikken
  • Sikre høg kvalitet på pasientbehandling og helsetenester
  • Personalansvar, inkludert rekruttering, opplæring og utvikling av seksjonsleiarar og stabstilsette
  • Budsjett- og økonomistyring
  • Strategisk planlegging og utvikling av klinikken sine tenester
  • Samarbeid med andre klinikkar i HMR, i føretaksleiinga og med eksterne offentlege og private aktørar
  • Bidra til felles utvikling av helsetenestene i fylket saman med resten av føretaksleiinga

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg utdanning på masternivå eller tilsvarande. Du kan gjerne vere lege, men det er ikkje eit krav. Lang erfaring og anna kompetanse kan gi unntak frå utdanningskravet.
  • Fleire år erfaring frå leiing, gjerne frå spesialisthelsetenesta eller anna offentleg verksemd. Utdanning og/eller konkret erfaring innan endringsleiing og omstilling er ynskjeleg, men ikkje eit krav
  • God økonomisk forståing, dokumentert ved erfaring eller utdanning
  • Erfaring med både strategi, utvikling og drift
  • Gode kommunikasjonsevner med god språkkunskap der du meistrar begge målformer på norsk
og endringsleiing

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvarleg, tenkjer heilskapleg og er van med å løyse samansette problemstillingar
  • Du kan å inspirere andre og evnar å få til utvikling gjennom å leie andre
  • Du er nytenkande på områda organisasjon, arbeidsprosessar, digitalisering, teknologi og fag
  • Du evner å involvere, lytte til, samarbeide med og bygge opp dei ulike fagmiljøa i eigen organisasjon, i tett samarbeid med eiga leiargruppe
  • Du evnar å gjennomføre medverknad i vanskelege avgjerder og gjennomføre dei
  • Du evnar å sjå moglegheiter til forbetringar i sjukehusdrifta slik at føretaket oppnår å hauste gevinstar i driftsforbetringar som resultat av større investeringar i areal og teknologi

Personleg eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Du vil få ei sentral rolle i utviklinga av spesialisthelsetenestene til det beste for innbyggarane i Møre og Romsdal
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid og ein inkluderande arbeidsplass
  • Vi inviterer deg inn i eit stimulerande arbeidsmiljø, med gode moglegheiter for å utvikle deg som leiar
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Det vert lagt til rette for eit godt og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsettelse, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.

Kontaktinformasjon

Olav Terje Lødemel, Administrerande direktør, olav.terje.lodemel@helse-mr.no

Arbeidssted

Kløvertunvegen 1
6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4855289236
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere “På lag med deg for helsa di.” Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Leder innenfor helsetjenester
Sted VOLDA (Adresse: Kløvertunvegen 1 Postnr: 6103)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b798b71a-c12c-4ef8-9c2c-7277dd4aaa6e
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31