Klinikkleiar – Førde klinikkområde, Vestland fylkeskommune
Health and social care Tannhelse/-pleie(2 days ago)
Job Description
Published 06-01-2025
Deadline: 26-01-2025
Klinikkleiar
Vestland Fylkeskommune søkjer ein engasjert og tydeleg klinikkleiar for Førde klinikkområde i 100% fast stilling frå 01.03.24.
Klinikkområdet høyrer til Nord Tannhelseområde og består av Førde tannklinikk og narkosetilbodet ved Førde sentralsjukehus.
Førde, som er knytepunktet i Sunnfjord kommune, er den største byen i gamle Sogn og Fjordane, og ligg ein tre timar køyretur nord for Bergen. Sentrum er omringa av nydelege naturområde med sin nærleik til både fjell og fjord. Det er nydelege langrennsløyper, flotte toppturmogelegheiter, nytt klatresenter og gode idrettsmiljø der volleyball står spesielt sterkt i byen. Førde er ein by med stor utvikling og har alt av urbane tilbod med restaurantar, kafear, butikkar og kjøpesenter.
Tannklinikken har ca. 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 6 tannhelsesekretærar, og flytta i 2023 inn i nye moderne flotte lokaler. Tannklinikken driv narkose på sjukehuset og arbeid på Barnehuset, og ei spesialistavdeling på tannklinikken i regi av TkVestland er under planlegging. Det er eit godt arbeidsmiljø og gode mogelegheiter for fagleg utvikling.
Arbeidsoppgåver
– Syte for at drifta er i tråd med lover og retningslinjer, og føl målsetnadane til Vestland Tannhelseteneste
– Syte for at klinikkområdet gjev tilbod med høg fagleg kvalitet og god service til pasientar
– Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette med fagleg utvikling og god medverknad
– Personalleiing
– Økonomistyring
– Klinikkleiar er ein del av områdeleiar si leiargruppe, og er forventa å delta aktivt i strategi- og utviklingsprosessar for området
Kvalifikasjonar
Søkjaren bør ha tannhelsefagleg bakgrunn. Det er ein fordel om søkjaren har leiarutdanning eller leiarkompetanse. Evt. blir det forventa at søkjar tar denne utdanninga innan 3 år etter tilsetting. Det blir gjort ei heilheitleg vurdering av søkjaren ved tilsetting i stillinga.
Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg, søknaden må være på norsk. Relevante dokument skal vere oversett til norsk eller engelsk.
Den som skal tilsetjast må leggje fram politiattest.
Kompetent, open og modig er dei grunnleggande verdiane i Vestland Fylkeskommune, og skal være grunnlag for all leiing.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
– set pasientane i fokus for klinikkområdet sitt arbeid
– byggjer eit sterkt fagleg fellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling
– gjennom god leiingspraksis etablerer tillit og skapar samhald
– opptrer tydeleg som arbeidsgjevar og gjennomfører administrative vedtak
– har gode kommunikasjonsevner
– har god gjennomføringsevne
– kjennskap og erfaring frå offentleg tannhelseteneste er eit føremon
– evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
– ei spennande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
– gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
– godt samarbeid, god kontakt, dialog og oppfølging mellom klinikkleiarane og områdeleiar
– løn etter avtale
– fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
– Alle nytilsetjingar vert gjort med 6 mnd prøvetid
Kontaktinformasjon
Elisabet Skrede, områdeleiar tannhelse, 57638010, elisabet.skrede@vlfk.no
Arbeidsstad
Langebruvegen 76
6800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4895594893
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.01.2025
DIVERSE INFO