Job Description

Published 01-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Kjemikar ved Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar – fast stilling

Det er ledig fast stilling som kjemikar (master eller PhD i organisk analytisk kjemi, biokjemi eller tilsvarande) ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF).

MBF er ein av i alt åtte einingar som er organisert under Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og har om lag 350 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegrupper (medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest, RELIS og SOReg.

Vi utfører ei rekke analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi, og har moderne analyseinstrument. I tillegg til ei omfattande rutinedrift som inneber døgnkontinuerleg vaktordning blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.

Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar har 18 medarbeidarar, dette inkluderer 6 kjemikarar og 3 fagbioingeniørar. 

Analyserepertoaret består av analyse av >50 ulike legemiddel og >40 ulike rusmiddel. Det blir årleg analysert ca. 30.000 legemiddelanalysar og 25.000 rusmiddelanalysar. Dette er prøvar både frå sjukehuset sine pasientar og frå primærhelsetenesta. 

Seksjonen har mellom anna 8 LC-MS/MS instrument, 3 LC-QTOF-MS instrument og 1 GC-FID instrument samt 3 moderne robotar for handtering og opparbeiding av prøvemateriale. Alle analysane er utvikla ved seksjonen.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av analysemetodar
  • Metodeutvikling og validering 
  • Delta i seksjonen sin rutinedrift.
  • Vere med å drifte og vedlikehalde seksjonen sine instrument
  • Det kan vere aktuelt å utvikle nye metodar på same instrument
  • Ein må pårekne å skrive prosedyrar og valideringsrapportar
  • Opplæring og sertifisering av tilsette på seksjonen
  • Det kan vere aktuelt å delta i prosjektarbeid og arbeidsgruppar på tvers i laboratoriet
  • Andre oppgåver kan tilkome stillinga

Kvalifikasjonar

  • Master eller PhD i organisk analytisk kjemi, biokjemi eller tilsvarande
  • Den som blir tilsett må ha erfaring frå arbeid med LC-QTOF-MS og/eller LC-MS/MS instrument og metodeutvikling for denne type instrument
  • Erfaring med metodevalidering av farmakologiske analysar blir òg lagt vekt på
  • Gode datakunnskapar er ein fordel
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Utadvendt og engasjert
  • God på kommunikasjon
  • Målbevisst og strukturert
  • Vere ein god teamarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Like varierte utfordringar
  • Evne til å arbeide nøyaktig, systematisk og konsentrert
  • Positiv, hjelpsam, løysningsorientert og målretta
  • Vise fagleg tryggheit, tillit og respekt
  • Punkteleg, påliteleg og ansvarsbevisst
  • Gode  gjennomføringsevner

Vi tilbyr

  • Stillinga er ikkje tillagt vakter
  • Løn etter avtale
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 55977882, ingunn.boro@helse-bergen.no
Kristin H. Gundersen, Seksjonsleiar, 55973257, kristin.hodneland.gundersen@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsbakken 49
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4883008381
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2025
Søknadsfrist: 12.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen orgnr: 974557746
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Bioingeniør
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsbakken 49 Postnr: 5009)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-03-2025
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6ecdc66d-4a0a-4627-b33e-4cdd354f72b8
IMPORTAPI