Kateket/Kyrkjelydspedagog, fast stilling 100 %, – Stord Kyrkjelege Fellesråd
Education Instruktører og pedagoger(3 måneder ago)
Job Description
Published 09-08-2024
Deadline: Snarest
Kateket/Kyrkjelydspedagog, fast stilling 100 %,
Trusopplæringa i Stord og Nysæter.
Fast stilling som kyrkjelydspedagog, 100 % etter avtale.
Arbeidsområde
-
Oppgåver innan trusopplæring og kyrkjeleg undervisning med særleg fokus på aldersgruppa 0-18 år.
-
Fordelinga av oppgåver innan trusopplæring vil bli vurdert ut frå kvalifikasjonar m.m
Kvalifikasjonar
-
Utdanning som kyrkjelydspedagog, kateket eller lærar.
-
Søkjarar med utdanning innan kristendom, teologi og pedagogikk vil også bli vurdert.
-
Erfaring med kyrkjeleg arbeid for barn og unge.
-
Erfaring med å bruka IT-verktøy og sosiale medier i arbeidet.
-
Den som vert tilsett, skal leggja fram tilfredsstillande politiattest jfr. Kyrkjelova § 29.
-
Du må vera medlem i Den norske kyrkja.
-
Personlege eigenskapar vil verta vektlagde.
Personlege eigenskapar
-
Hjarte for barn og unge.
-
God formidlingsevne.
-
God evne til å planlegga og drifta ulike aktivitetar og tiltak.
-
God relasjonsbyggjar.
-
Kreativ og nyskapande.
-
God evne til å arbeida sjølvstendig og under leiing/rettleiing i team.
-
Evne og vilje til samarbeid.
Me kan tilby
-
Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit godt, tverrfagleg stabsfellesskap med kompetente og engasjerte medarbeidarar
-
Fagleg og personleg utvikling
-
Løn etter gjeldande KA-tariff.
-
Pensjonsordning i KLP
Anna
-
Tilsetjing skjer med Stord kyrkjelege fellesråd som arbeidsgjevar og med sokna Stord og Nysæter som arbeidsområde.
-
Kontorstad: Stord kyrkjekontor i Leirvik sentrum.
-
Du må trivast med ein del kveld -og helgejobbing. Avspasering etter avtale.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til kyrkjeverje/dagleg leiar, Liv Kari Bru 473 50 754, eller via e-post til: liv.kari@kyrkja-stord.no
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Stord Kyrkjelege Fellesråd orgnr: 977011361 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Stord kommune ligg sentralt i Sunnhordland, og har om lag 19.000 innbyggjarar. Fellesrådsområdet femner om Stord og Nysæter sokn, med 2 kyrkjer og Huglo bedehuskapell. Dei komande åra står kyrkja føre spanande endringar og nye utfordringar. Fellesrådet er arbeidsgjevar for 14 tilsette; diakon, diakonimedarbeidar, kantor, kyrkjemusikar, kyrkjelydspedagog, gravplasssarbeidarar, kyrkjetenarar og administrativt personale, til saman om lag 12 årsverk. I tillegg er det 2 sokneprestar og 1 ungdomsprest. Administrasjonsmålet er nynorsk. |
Webside | https://www.kyrkjastord.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Instruktører og pedagoger |
Sted | STORD (Adresse: Sæ 21 Postnr: 5411) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | Snarest |