Job Description

Published 06-11-2024
Deadline: 24-11-2024

 

Karriere i Helse Bergen? Vernepleiar og sjukepleiar frå sommaren 2025 ved Psykisk helsevern

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Psykisk helsevern.

Oppgi i søknaden i prioritert rekkefølge kva avdeling(ar) du søker. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke. 

Vi har ledig 100% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk med oppstart frå sommaren ved: 

*  Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S1/ S6 søker sjukepleiar og vernepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg med oppstart juni 25
*  Avdeling akutt psykose, Seksjon S3/ S4 søker sjukepleiar og vernepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg med oppstart 1. juni 25. 3-delt turnus i sommarperioden
*  Psykiatrisk akuttmottak, PAM 1/ PAM2 søker sjukepleiar og vernepleiar, 2 delt turnus, 3. kvar helg med oppstart juni/nærare avtale

For følgande stillingar vil det vere sommarvikariat ved avdeling og ein kan få vidare fast stilling i Bemanningssenter i føretaket frå hausten.

*  Lokal sikkerheitspost (LS) søker sjukepleiar/vernepleiar, valgfri turnus i 2-delt/ 3-delt /natt, 3. kvar helg. Politiattest, jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd
*  Sikkerheitspoliklinikken søker sjukepleiar, dagstilling 08:00-15:30 med oppstart 16.06.2025. Politiattest, jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd
Kronstad DPS, Psykose døgn/ Allmenn døgn søker sjukepleiar/vernepleiar, 2-delt
turnus med 3. kvar helg. Ein kan og få 3-delt
turnus eller kun natt 
Øyane DPS, Psykose døgn søker sjukepleiar/vernepleiar i 80% stilling på natt, 3. kvar helg 

Oppstart i stillinga vil vere frå Juni eller etter nærare avtale med avdelinga. Du må kunne arbeide minimum 4-6 veker samanhengande i perioden veke 25/26 – 32/33. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på linken i navnet. 

For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.

Kvalifikasjonar (overskrift)

Her kan du lese meir om Psykisk helsevern     

 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
  • Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
  • Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten

Kvalifikasjonar

  • Du har eller vil få norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar etter endt utdanning
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
  • Må meiste norsk skriftleg og munnleg 

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4881926134
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse Bergen orgnr: 975297195
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 10
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 24-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ce5c1873-c706-44b4-bb70-d14679f28917
IMPORTAPI