Job Description

Published 16-10-2024
Deadline: 10-11-2024

 

Kapellan i Åsane prosti med Osterøy som tenestestad

Vi har ledig stilling som kapellan i Åsane prosti, med Osterøy sokn som tenestestad!

Osterøy er ei av Nord-Europas største innlandsøyer, og er nabokommune med Bergen. Osterøy kommune har om lag 8100 innbyggarar, og har samband med fastlandet både via bru og ferje. Dei fem kyrkjesokna Bruvik, Gjerstad, Haus, Hamre og Hosanger, vart slått saman til eit sokn 1. januar 2024.

Det er to prestestillingar på Osterøy som samarbeider om drifta i dei fem kyrkjene. Særleg merkar kyrkja på Hamre seg ut som eit særprega bygg frå rundt år 1600, og Hamre kan i 2024 markere 1000-årsjubileum som kyrkjestad. Alle kyrkjene på Osterøy ligg vakkert til, dei fleste ved fjorden.

Øya har eit aktivt miljø med småindustri, ungdomslag, musikk og idrettslag. Det er flotte turområder på heile øya. Havråtunet og Osterøy museum er kjende og viktige attraksjonar. 

I tillegg til dei to prestane, består staben på Osterøy av kyrkjeverje, konsulent, trusmedarbeidar, to kantorar/organistar og to gravarar. Det er dessutan kyrkjetenarar ved alle dei fem kyrkjene. Staben har gode og tenlege kontor sentralt i Lonevåg, som er administrasjonssenteret i kommunen. I Lonevåg er det også eit sentralt lokale for møteverksemd og andre kyrkjelege samlingar. Prestane fordeler kyrkjelege handlingar mellom seg etter oppsett turnus, og det same gjeld tenesta ved institusjonen Osterøytunet.

Kyrkjelydane på Osterøy er ein del av Åsane prosti, som i tillegg til Osterøy består av sokna Arna, Biskopshavn, Eidsvåg, Salhus, Ytre Arna og Åsane. Dessutan er to fengselsprestar knytt til prostifellesskapet, som totalt er 17 prestar. Etter nærare avtale med prosten samarbeider prestane på Osterøy med Arna og Ytre Arna om nokre tenester.

Les meir om kyrkja på Osterøy her: https://www.osteroy.kyrkja.no/

Skrift-og liturgispråk på Osterøy er nynorsk.

Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unnatak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne.
Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20. 

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter. 

Arbeidsoppgåver

  • Gudstenester, kyrkjelege handlingar og institusjonsbesøk etter oppsett plan.
  • Konfirmant- og kyrkjelydsbyggjande arbeid.
  • Beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja. Beredskapsområdet omfattar for tida Åsane
    og Nordhordland prosti.

Kvalifikasjonar

  • Cand. Theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi med praktikum
  • Medlemskap i Den norske kyrkja

Personlege eigenskapar

  • Har god evne og vilje til samarbeid med stab, råd og frivillige.
  • Har evne til å kommunisere med konfirmantar, born og unge.
  • Kan skape og utvikle nye møteplassar for ulike aldersgrupper i kyrkjelydane.
  • Samarbeider godt med lokale frivillige organisasjonar, og har evne til å involvere lokale krefter i kyrkjelydsarbeidet.
  • Samarbeider tett i møte med kollegaer ved fordeling av tenesteveker og andre oppgåver som må løysast i fellesskap.
  • Gjev andre rom til å gjere sitt beste, og er open for innspel frå andre.
  • Er strukturert, og har gode digitale og administrative evner.
  • Søkjar må og kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje.

Vi tilbyr

  • Eit trygt, godt og støttande arbeidsmiljø.
  • Ei kyrkje i positiv utvikling.
  • Eit nytt og engasjert sokneråd, som er i gang med nytenking rundt felles planar for kyrkjelydsarbeidet
    på heile Osterøy.
  • Stillingskode 0922 kapellan etter KA sitt tariffområde.
  • Pensjonsinnskot i KLP.
  • Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ, samt andre regulativmessige godtgjersler.
  • Arbeidsvegleiing (ABV).

Kontaktinformasjon

Leif Endre Grutle, Prost i Åsane, 97629150
Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276

Arbeidssted

Lonevågen 5
5282 Lonevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Den norske kirke

Referansenr.: 4868703055
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme orgnr: 977012058
Kort om arbeidsgiver
Webside http://www.kirken.no
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Religiøst arbeid
Sted LONEVÅG (Adresse: Lonevågen 5 Postnr: 5282)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/05361c85-3faf-4abf-b453-9f595a230633
IMPORTAPI