Job Description

Published 29-09-2024
Deadline: 20-10-2024

 

Kantor/ kyrkjemusikar

Stavanger kirkelige fellesråd søkjer kantor/organist/pianist til Sjernarøy sokn med speling på gudstenester og kyrkjelege handlingar i Sjernarøy og Jørstad kyrkjer og på Halsnøy bedehus i Talgje sokn.

Sjernarøy kyrkje middelalderkyrkje er frå 1600 talet og Jørstad kyrkje er frå 1926. Me leiger Halsnøy bedehus til gudstenester. 

Kyrkjemusikktenesten har som føremål å gje kyrkjelyden eit musikalsk uttrykk i gudstenestene og det øvrige kyrkjelydslivet. Kantoren leiar kyrkjelyden sitt kyrkjemusikalske virke og skal vere med å forvalte og gjere levande tradisjonelle og nye kyrkjemusikalske verdiar. Kyrkjelydane ønsker at kantor/ organist/ pianist skal bidra til breidde og kvalitet i det kyrkjemusikalske og kulturelle arbeidet.

Viss ønskeleg kan ein søkje om å ha tenestestad på ein av plassane, då i ein mindre stillingsbrøk. Kvar stad har om lag 10 % stillingsressurs.

Staben består av sokneprest, dagleg leiar, diakonimedarbeider, kyrkjelydspedagog, kantor, kontormedhjelpar og klokkar, og kyrkjetenar lokalt i mindre stillingar.  

Det er piano alle tenestestadene og det er dette som er mest i bruk ved gudstenester og kyrkjelege handlingar, i tillegg er det orgel i Sjernarøy og Jørstad kyrkjer. Det er to gudstenestesøndagar pr mnd, den eine med tenestestad både Halsnøy og Jørstad, den andre søndagen er i Sjernarøy kyrkje. I tillegg kjem gravferder og vigsler på desse tre stadene. Ein må pårekne å jobbe enkelte helgedagar i jula, påsken og andre høgtidsdager.

Det kan og vere ønskeleg med deltaking enkelte kveldar i samband med kulturelle arrangement i kyrkjene.

         

Kantor/ organist/ pianist deltek på stabsmøter og planlegging i forkant av dei faste gudstenestene. 

Arbeidsoppgaver

  • Leiar for kyrkjelydens kyrkjemusikalske verksemd
  • Bidra og inspirere til eit variert og bredt musikkliv i kyrkjelyden
  • Planlegging og gjennomføring av forordna gudstenester, i samarbeid med prest
  • Tenestegjering ved kyrkjelege handlingar som gravferder og vigsler
  • Medansvar for tilsyn av kyrkjene sine instrumenter

Kvalifikasjoner

  • Utdanning i hht tenesteordning for kantor
  • Annen faglig relevant musikkutdanning/ erfaring kan vurderast
  • Kunne spele piano og leie allsong
  • Erfaring med gudstenestepraksis i Den norske kyrkja
  • Søkjar må beherske norsk munnleg og skriftleg

Personlige egenskaper

  • Pedagogiske ferdigheter
  • Gode samarbeidsevner
  • Kontaktskapande og relasjonsbyggande
  • Evner til sjølv å ta initiativ

Vi tilbyr

  • Fellesskap med kantor og andre kyrkjelege medarbeiderar
  • Lønn i henhold til avtaleverket på kirkelig sektor
  • Stavanger kirkelige fellesråd har gode forsikrings- og pensjonsordninger, pliktig medlemskap i KLP med 2% trekk i brutto lønn

 

Andre opplysninger

  • Den tilsette må vere medlem av Den norske kyrkja
  • Det stilles krav om politiattest i hht Trossamfunnsloven § 20 før tilsetting
  • Helgearbeid og noko kveldsarbeid må påreknast
  • Personleg egnethet vil bli vektlagt
  • Det vil bli lagt opp til prøvespeling på orgel eller piano
  • Den som blir tilsett bør disponere eigen bil
  • Ved tilsetting av kantor skjer det med atterhald om vigsling 
  • Ved tilsetting blir ein tilsett i Stavanger krk fellesråd med arbeidsstad for tida i Halsnøy, Jørstad og Sjernarøy kyrkjelydar

Kontaktinformasjon

Heidi Bø Sangedal, Daglig leder, 47010909
Olaug Mestad Slettbakk, Personalkonsulent, 93659296

Arbeidssted

Hagatunet 4
4160 Finnøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Stavanger kirkelige fellesråd

Referansenr.: 4782799416
Stillingsprosent: 30%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Halsnøy, Jørstad og Sjernarøy menigheter orgnr:
Kort om arbeidsgiver
Webside http://kirken.stavanger.no/
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Musikk/lyd, foto og video
Sted FINNØY (Adresse: Hagatunet 4 Postnr: 4160)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cfc5b97e-8e3d-4f73-ad02-3170ecaf942d
IMPORTAPI