Job Description

Published 21-04-2025
Deadline: 11-05-2025

Kantor / kyrkjemusikar Ellingsøy sokn 50%

Kantor/Kyrkjemusikar Ellingsøy sokn 50 %

Det er ledig stilling som kantor/kyrkjemusikar i 50 % i Ålesund kyrkjelege fellesråd med Ellingsøy sokn som arbeidsstad.

Ellingsøy sokn ligg i Ålesund kommune og utgjer saman med Borgund sokn eitt samarbeidsområde. Soknet er langstrakt og er i endring med mykje utbygging og tilflytting. Det er kort avstand mellom Ellingsøy og Ålesund sentrum.

Ellingsøy sokn har ca. 2100 medlemer. Soknet har ei arbeidskyrkje vigsla i 1998 med ca. 400 sitjeplassar, stor kyrkjelydssal med nytt lyd og lysanlegg, og kontor for tilsette. Orgelet er bygget av Ryde & Berg i 2002 og har 16 stemmer.

Soknerådet ønskjer seg ein musikar som kan engasjere seg i arbeid retta mot barn og unge. Samarbeid med lokale musikkutøvarar for deltaking i gudstenester og andre kyrkjelege arrangement er viktig.

Heimeside: https://www.ellingsoy.kyrkjelyd.no

Arbeidsoppgåver

  • Tenestegjere ved gudstenester og kyrkjelege handlingar.
  • Lede og utvikle kyrkjelydens musikk og kulturarbeid.
  • Vere ein kyrkjemusikalsk ressurs for kyrkjelyd, stab og fellesråd.
  • Delta i stabs- og fagmøte og andre administrative møtepunkt.
  • Gi støtte til kyrkjelydens øvrige arbeid og inngå i tverrfaglege satsingar.
  • Nokre tenester, t.d. gravferder i andre kyrkjelydar må ein rekne med.

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis utdanning i samsvar med Tjenesteordning for kantorer, eventuelt kyrkjemusikar med anna
    relevant utdanning/realkompetanse/kirkemusikalsk utdanning.
  • Allsidig og trygg i ulike musikalske uttrykk.
  • Gode norskkunnskapar, skrifteleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og kreativ, og har eit ønskje om å bidra i kyrkjelydens musikalske arbeid.
  • Evne til samarbeid og fleksibilitet.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Hyggelege kollegar i ein stab som har fokus på eit godt og sosialt arbeidsmiljø.
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Eit engasjert sokneråd dei tilsette kan samarbeide med.
  • Lønn etter KAs tariffavtale
  • Pensjons- og forsikringsordningar

Anna

  • For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20
  • Tilsetting i Ålesund kyrkjelege fellesråd med for tida Ellingsøy sokn som arbeidsstad.
  • Den som blir ansatt må være medlem i Den norske kyrkja

Kontaktinformasjon

Hans Roar Aas, Avdelingsleiar kyrkjelyd, 943 23 279
Kristin Smehus, Dagleg leiar, 936 79 421

Arbeidssted

Langelandsvegen 17
6010 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Ålesund kyrkjelege fellesråd

Referansenr.: 4958590352
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 11.05.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ålesund kyrkjelege fellesråd orgnr: 977013682
Kort om arbeidsgiver

Etter kommunesamanslåing frå 1.1.2020 har Ålesund  65 000 innbyggarar. Ålesund kyrkjelege fellesråd har arbeidsgivaransvar for meir enn 70 tilsette i sokna, på kyrkjegardane og i fellesrådets administrasjon. Fellesrådet har forvaltningsansvar for 16 kyrkjer og 24 kyrkjegarder, i tillegg til eit krematorium, gravkapell og ei  rekke driftsbygningar. Drifts- og investeringsbudsjettet i 2020 er på over 90 millionar kroner.

Webside http://www.kirken.no
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Musikk/lyd, foto og video
Sted ÅLESUND (Adresse: Langelandsvegen 17 Postnr: 6010)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 11-05-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b23ffe2b-e1fe-409b-b531-d8f114a4c042
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31