Job Description

Published 01-01-2025
Deadline: 12-01-2025

 

Kantinemedarbeidar

Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Vi er omlag 100 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for 520 ungdommar og vaksne. Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no. 

Vi har ledig ei mellombels stilling som kantinemedarbeidar frå 15. februar 2025 til 27. juni 2025.
Søknadsfrist 12.01.2025

Arbeidsoppgåver

Bidra til drift av kantina ved Flora vgs.

Kvalifikasjonar

Vi søker ein medarbeidar som

– Er serviceinnstilt
– Erfaring frå liknande arbeid
– Medviten elevane sine behov
– Gode samarbeidsevner

Personlege eigenskapar

Vi ønsker at du er/har

– Medviten elevane sine ulike behov
– Roleg og stabil
– Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

Løn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår. 
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. 
Stillinga følgjer skuleåret til elevane og lærarane og utgjer samla 50 % stilling. 
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
 
Merk at alle stillingar ved skulen vert utlyst med atterhald om at utlyst tilbod vert igangsett. Dette vert avklara før tilsetting.

Søknadsfrist 12.01.2025 
For meir informasjon om stillinga kontakt avdelingsleiar Jarle Storevik, tlf. 99 50 72 23

Kontaktinformasjon

Lars Anders Nybu, Rektor ( vikariat)

Arbeidsstad

Professor Gjeldsviksv 22
6900 FLORØ

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4901245241
Stillingsprosent: 50%
Anna
Startdato: 15.01.2025
Sluttdato: 27.06.2025
Søknadsfrist: 12.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver FLO – FLORA VGS, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside www.flora.vgs.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted FLORØ (Adresse: Professor Gjeldsviksv 22 Postnr: 6900)
Stillingstype Engasjement Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 15-01-2025
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4428c7a3-b593-4d13-9c6a-413bc2204a1e
IMPORTAPI