Kantinemedarbeidar 80% fast stilling – Gjermundnes vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Reiseliv og mat Reiseliv, hotell og overnatting(2 days ago)
Job Description
Published 13-03-2025
Deadline: 02-04-2025
Kantinemedarbeidar 80% fast stilling
80% fast stilling som kantinemedarbeidar fordelt på fem arbeidsdagar. Arbeidet følgjer skuleåret og er på dagtid.
Arbeidsoppgåver
- delta i arbeidet med å førebu måltid for internatelevane
- delta i arbeidet med å førebu og gjennomføre lunsj for alle elevar og tilsette
- betjene kasse, vaske, rydde og gjere andre daglege oppgåver knytt til kjøkken og kantine
- Stillinga følgjer skuleåret. Den som tar stillinga må kunne jobbe 80% fordelt på måndag til fredag.
Kvalifikasjonar
- kvalifikasjon til å arbeide i eit storkjøkken saman med andre
- må kunne utføre reinhaldsarbeid
- må kunne norsk skriftleg og munnleg på ein slik måte at kommunikasjonen retta mot kollegaer og elevar fungerer godt.
Personlege eigenskapar
- gode samarbeidsevner
- likar å jobbe i team
- løysingsorientert med ei positiv innstilling til påkomande oppgåver
- glad i ungdom
- ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- evne til å arbeide strukturert, både på eiga hand og saman med andre
- evne til å gjere andre gode og til å spele på lag med andre
Vi tilbyr
- eit inkluderande og raust kollegium
- ein arbeidsgivarpolitikk med fokus på vekst og utvikling av best moglege tenester
- gode pensjonsvilkår
- løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest.
Kontaktinformasjon
Jorun Frostad, Avdelingsleder drift, 90525795, jorun.frostad@mrfylke.no
Tone Syltebø, Rektor, +47 99225430
Arbeidsstad
Gjermundnesvegen 200
6392 VIKEBUKT
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 4936042974
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 02.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Gjermundnes vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr: 974576449 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Om skolen (gjermundnes.vgs.no) Vi tilbyr opplæring innan naturbruk, mekaniske fag og allmennfagleg påbygging. |
Webside | https://gjermundnes.vgs.no/ |
Bransje | Reiseliv og mat |
Yrke | Reiseliv, hotell og overnatting |
Sted | VIKEBUKT (Adresse: Gjermundnesvegen 200 Postnr: 6392) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-08-2025 |
Søknadsfrist | 02-04-2025 |