Job Description

Published 05-11-2024
Deadline: 22-11-2024

 

Kan du vera ein trygg vaksen og vil bidra til trivsel og læring?

Me søker:

Ein fagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar eller anna til 150% fast stilling ved Sandeid oppvekstsenter. Stillinga er ledig frå snarast mogeleg. 

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Ha medansvar for elevar på 1.-7.trinn inne i klasse og ute på gruppe
  • Kan ha ansvar for å gjennomføre spesialpedagogisk opplegg for elev
  • Vera med å utvikle gode rutinar på sosial samhandling for elevar saman med lærarar
  • Det inngår i stillinga å arbeide ved skulen sin SFO (skulefritidsordning)
  • Anna arbeid kan bli aktuelt 

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev eller anna utdanning som er retta inn mot barn og unge
  • Anna relevant utdanning vil bli vurdert
  • Det er ønskeleg med kompetanse og eller erfaring i traumebevisst omsorg
  • Spesialpedagogisk kompetanse eller erfaring 

Personlege eigenskapar:

  • Du må vera god på samarbeid 
  • Vera ein autoritativ vaksen med haldning om at barn gjere så godt dei kan når dei kan
  • Løysningsorientert
  • Omsorgsfull, trygg og forutsigbar

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vindafjord kommune Sandeid skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver Sandeid skule ligg i Vindafjord kommune. Skulen har elevar frå 1.-7. klasse og tel frå hausten 100 elevar. På skulen vår er det 18 ansatte fordelt på assistent/fagarbeidarar, merkantil og pedagogar. Me har eit kreativt, inkluderande og godt arbeidsmiljø prega av raushet, fleksibilitet og samarbeid. “Vurdering for læring” og “Relasjonsbasert klasseleiing” er utviklingsarbeid skulen har jobba med i mange år. Gjennom god klasseleiing har me som mål å jobba tett på elevane slik at dei får eit godt og trygt læringsmiljø. Visjonen vår er “Me kan, me vil og me får det til”.
Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted SANDEID (Adresse: Saudavegen 5783 Postnr: 5585)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b3b09b30-715d-4d3b-8abb-7fc128b6a86e
IMPORTAPI