Jordmor – Suldal kommune Suldal legekontor

Health and social care Nurse

(2 weeks ago)

  • SAND
  •  Post Date: 10. December 2024
  •  Expire date: 10. January 2025
Job Description

Published 10-12-2024
Deadline: 10-01-2025

 

Jordmor

Jordmor

Kort om stillinga og arbeidsoppgåvene

Suldal kommune har ledig 33 % fast stilling som jordmor. Stillinga er organisert som ein del av eining helse, avdeling helsestasjon. Som jordmor vil ein være ein del av eit interkommunalt vaktsamarbeid med Sauda og Helse Fonna. Me har eit ungt og framoverlent arbeidsmiljø og kan tilby gode arbeids- og lønsforhold. Helse har mykje tverrfagleg samarbeid med heimesjukepleie, sjukeheimen, kreftkoordinator, fysioterapi og spesialisthelseteneste.  

Arbeidsoppgåver

Me søkjer etter jordmor som inngår i vakt, avtale om følgjeteneste mellom Helse Fonna og Suldal og Sauda kommune. Det er krav om etterutdanning som jordmor. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.  

Oppgåver:

  • Følgjeteneste
  • Fødselshjelp

Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar

Personlege eigenskapar vert vektlagt. 

Som søkjar må du:

  • vera løysingsorientert
  • ha gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • kjennskap til norsk helsevesen  
  • kjennskap til kommunalt tenestetilbod
  • Norsk autorisasjon som jordmor
  • ha gode samarbeidsevner
  • ha evner til å arbeida sjølvstendig
  • ha evne til å bidra til gode føresetnadar for kompetanseoverføring til andre tilsette i kommunen

 

 Som søkjar må du:

  • vera løysingsorientert
  • ha gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • kjennskap til norsk helsevesen
  • kjennskap til kommunalt tenestetilbod
  • Norsk autorisasjon som jordmor
  • ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • evne å arbeida i team og sjølvstendig, samt vera strukturert
  • evne å bidra til gode føresetnadar for kompetanseoverføring til andre tilsette i kommunen
  • ha IKT kunnskap

 

Dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidsforhold vert etterspurt ved innkalling til intervju.

Me behandlar søknader fortløpande.

Kommunen kan hjelpa til med å skaffa bustad. Suldal kommune har god barnehagedekning.

 

Kort om arbeidsgjevar

For å løysa og utvikla oppgåvene til kommunen vår, treng me engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplev at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og er ein del av eit viktig samfunnsoppdrag. Suldal kommune er ein lærande organisasjon, og har gode ordningar for kompetanseutvikling og vidareutdanning.

I vår kommune kan du kombinera ein periodevis hektisk jobb med eit kvardagsliv som gir deg rom for å kopla av både i naturen og i det urbane miljø. Suldal har ein spanande og variert natur, med alt frå lune fjordar til høge fjellområde og lokale toppar. Det er framifrå moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter. Samtidig er det gode lokalmiljø og koselege sentrumsområde, og eit særskilt rikt og variert kulturliv.  

Søkjar må ha førarkort klasse B.

Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.

Kontaktperson

Adriaan van Ruiven (einingsleiar), mobil: 45422697, adriaan.van.ruiven@suldal.kommune.no

  

Søk på stilling her:  webcruiter

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Suldal kommune Suldal legekontor orgnr:
Kort om arbeidsgiver Suldal legekontor er organisert under eining Helse. Legekontoret har eit ungt og framoverlent arbeidsmiljø, nyoppussa moderne lokale, og tilbyr gode arbeids- og lønsforhold. Tverrfagleg arbeid er sentralt for oss og legekontoret er samlokalisert med ergo-/fysioterapi, helsestasjon og frisklivssentral. Suldal sjukeheim, heimetenesta med bestillarkontor og psykisk helse ligg òg i nær tilknytting til legekontoret.
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted SAND (Adresse: Eidsvegen 3 Postnr: 4230)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4320ae07-860e-4dba-a292-49c770af185e
IMPORTAPI