Jordmor – Luster kommune Helse

Health and social care Nurse

(3 weeks ago)

  • GAUPNE
  •  Post Date: 2. December 2024
  •  Expire date: 17. December 2025
Job Description

Published 02-12-2024
Deadline: 17-12-2025

 

Jordmor


Stillingsinformasjon

Luster kommune har ledig fast 100 % stilling som jordmor frå 01.03.2025.

Jordmorstillinga er tilknytt Helsestasjon og skulehelsetenesta og ein del av eininga Helse. Kontorstad er Helsesenteret i Gaupne. Helsestasjonen er samlokalisert med psykisk helse/rus, fysio/ergo og legekontoret. Planlegging av nytt Helse- og omsorgssenter med samlokalisering av fleire tenester er i gang. Oppgåvene i stillinga er knytt til nasjonale retningslinjer for svangerskapsomsorg og for barselomsorg. Stillinga består av 62% kontor på dagtid og 38% beredskapsvakt/følgeteneste. Luster kommune har vaktsamarbeid med Sogndal kommune.

 Arbeidsoppgåver

  • Svangerskapskonsultasjonar
  • Foreldreførebuande kurs
  • Samtalar, heimebesøk og oppfølging etter fødsel
  • Andre oppgåver knytt til kvinnehelse kan vera aktuelle
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Off. godkjend jordmorutdanning
  • Relevant praksis og erfaring
  • IKT kompetanse. Kjennskap til fagprogrammet CGM WinMed er ein fordel.
  • Gode norsk kvalifikasjonar, både munnleg og skrifteleg
  • Førarkort for personbil
  • Det vert stilt krav om politiatttest

Me legg vekt på

  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
  • Verdsetje andre sin kompetanse og bidra inn i eit fagleg fellesskapet
  • Fagleg engasjement
  • Fleksibilitet og evne til å ta ansvar
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar 

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Luster kommune Helse orgnr:
Kort om arbeidsgiver Luster kommune ligg inst i Sognefjorden, har omlag 5.300 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert – frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal. Kommunen har gode tenester, styrings- og kvalitetssystem. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted GAUPNE (Adresse: Øyagata 4 Postnr: 6868)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-12-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/59abe030-18e5-4be7-b732-03f85d193d34
IMPORTAPI