Job Description
Published 20-03-2025
Deadline: 04-04-2025
Jobbspesialist – Arbeid med Støtte
Er du motivert for å bidra til at flest mogleg vært inkludert i arbeidsmarknaden? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Nav region Midthordland har som mål å gi eit godt tenestetilbod med utgangspunkt i behovet til brukarane, og i samsvar med føringane og rammene som lovverket gjev.
Nav Bjørnafjorden har ei ledig stilling som jobbspesialist i Arbeid med Støtte. Arbeid med støtte er eit arbeidsretta oppfølgingstiltak i Nav, og som jobbspesialist vil du spele ei sentral rolle i å hjelpe våre brukarar med å finne og halde på arbeid. Som jobbspesialist vil du følgje opp deltakarar etter Supported Employment-metodikk (SE), ein metodikk som har svært gode resultat å vise til.
Du vil inngå inngå i teamet Arbeid med Støtte som gir tenester til heile region Midthordland, men ha ditt tilsetjingsforhold i Nav Bjørnafjorden.
Arbeidsoppgåver
- Karriererettleiing ut frå jobbsøkjar sine interesser, ønsker og erfaringar samt
tilrettelegge og støtte jobbsøkjar i å nå sine yrkesmål - Oppsøkje bedrifter, bygge nettverk og relasjonar
- Oppfølging i tråd med SE-metodikk
- Individuelt tilpassa oppfølging av om lag 20 brukarar
- Dokumentere og rapportere i Nav sine fagsystem
Endring av arbeidsoppgåver må påreknast ut frå kva som er avdelinga eller kontorets behov.
Kvalifikasjonar
- 3-årig høgare utdanning frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- Erfaring frå rettleiing og å jobbe med menneske
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God digital kompetanse
- Førerkort klasse B
Det er ein fordel om du har:
- Erfaring frå oppfølging etter SE metodikk
- Kunnskap om lokalt arbeidsmarknad
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
Vi ser etter deg som
- Jobbar strukturert og målretta
- Er fleksibel og omstillingsdyktig
- Er ein god lagspelar
- Klarar å jobbe effektivt i eit hektisk miljø med krav til fristar og resultat
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og utfordrande jobb innanfor eit viktig samfunnsområde
- Engasjerte kollegaer i eit inkluderande arbeidsmiljø
- Velferdsgode som fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- Tilsetjing på statlege vilkår i stillingskode 1434 rådgjevar, med lønsspenn frå kr 570 000 – 605 000,-. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast.
Kontaktinformasjon
Anita Nielsen, Avdelingsleiar, 958 49 313, Anita.Nielsen@nav.no
Line Solheim, Regionleiar, 458 12 959, Line.Naterstad.Solheim@nav.no
Arbeidssted
Holtbrekka 7
5200 Os
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAV
Referansenr.: 4940618522
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.04.2025
DIVERSE INFO