Job Description
Published 30-06-2024
Deadline: 30-06-2025
Jobb i skule – open søknad
Grunnskulane i Kvam har kontinuerleg behov for vikarar gjennom skuleåret. Er du interessert i arbeid som tilkallingsvikar/ekstrahjelp i skule så er du velkomen til å registrera søknad og CV her ved å velja “Søk på stillinga”.
Denne annonsa gjeld kun open søknad eller søknad om arbeid som tilkallingsvikar/ekstrahjelp i løpet av skuleåret 2024/2025. Søkjarlista til denne stillingsannonsa vert nytta som vikarliste av dei ulike skulane i kommunen og du kan bli kontakta av rektor/avdelingsleiar dersom du har dei rette kvalifikasjonane.
Ledige vikariat og faste stillingar vert utlyst på heimesida vår og dei må du søkja på særskilt.
Vil du vita meir om skulane i Kvam herad eller ønskjer å ta direkte kontakt med rektor, sjå informasjon på https://www.kvam.no/tenester/barn-ungdom-og-familie/skule/
Arbeidsoppgåver
- Arbeid med enkelt elev og/eller elevgrupper både i skule og i SFO
- Tilrettelegga og delta i aktivitetar saman med elevane
Kvalifikasjonar
- Grunnskulelærarutdanning
- Fagbrev som barne og ungdomsarbeidar
- Anna relevant utdanning og praksis vert også vurdert
- Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i skule og/eller SFO
- Du er fylt 18 år
- Kvam herad vil i periodar ha trong for personar som kan undervisa i tospråkleg fagopplæring og/eller morsmålsopplæring. I tillegg til kvalifikasjonane som er nemnt over, vil difor det å vera fleirspråkleg vera ein kompetanse som er særleg aktuell i periodar. Behovet og type språk vil variera.
- Ved tilsetjing i vikariat må det leverast politiattest etter Opplæringsloven § 10-9. Politiattesten må vera av nyare dato, og ikkje eldre en 3 månader.
- Legg gjerne inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
- Me søkjer vikarar som kan vera tydelege vaksne, og gode rollemodellar for elevane
- Serviceinnstilt og engasjert
- Fleksibel og løysingsorientert
- Raus og inkluderande
- Møter andre på ein respektfull og open måte
Vi tilbyr
- Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
- Opplæring vert gitt
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Inga Lill Jensen Tolo, Leiar for skule, 951 19 865
Helene Hushagen, Fagleiar lønn, 56558640
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 4835267303
Stillingsprosent: 100, 50%
Vikar
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Oppvekst, Kvam herad orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Oppdag Kvam – framtida er her! Naturopplevingar og aktivitetar Ein kommune for framtida Eit variert næringsliv Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam – i hjarta av Hardanger! Les meir |
Webside | http://www.kvam.kommune.no |
Bransje | IT |
Yrke | Utvikling |
Sted | NORHEIMSUND (Adresse: Postnr: 5600) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 30-06-2025 |