IT konsulent – Kvam herad

IT Development

(2 days ago)

  • NORHEIMSUND
  •  Post Date: 17. September 2024
  •  Expire date: 6. October 2024
Job Description

Published 17-09-2024
Deadline: 06-10-2024

 

IT konsulent

Me ser etter deg som er systematisk, tek initiativ og er løysingsorientert. Du har ambisjonar og ynskjer å utvikla deg både fagleg og personleg.

På rådhuset i Norheimsund har kommunen ei IT avdeling med 5 tilsette med ansvar for intern drift og utvikling i heile kommunen. I tillegg leverer me tenester til Eidjord kommune, Ulvik herad og Kvam energi AS.

Samarbeidspartane nyttar i hovudsak Microsoft produkt og du treng derfor kunnskap om M365 løysingar i Azure og Entra. Vår infrastruktur dekker over 80 lokasjonar i kommunen med kabla og trådlause nett i dei fleste kommunale bygg.

Hjå oss vil du få eit breitt ansvarsområde og få arbeida med mange oppgåver frå drift til utvikling av tenester i Kvam herad og samarbeidspartar.

Arbeidsoppgåver

Drift av: 

  • Nettverk og trådlause løysingar ( HP Aruba svitsjar, Cisco accesspunkt, Clearpass nettkontroll mm)
  • M365 Hybrid skyløysing 
  • Lokale server i lokalt serverrom ( Vmware )
  • Sikring, Risiko og sårbarheitsvurderingar, personvernarbeid
  • Vaktordning kvar 5.veke – reiserestriksjonar under vaktveka
  • 1. linjesupport i vaktveke

Arbeidsoppåvene vil variera over tid og kan i nokon grad tilpassast kandidaten sin kompetanse og interesser.

Kvalifikasjonar

Me søkjer deg med høgskuleutdanning innan IT, eller relevant erfaring innanfor område drift av IT med fagbrev.

Fordel om du har dokumentert kunnskap i nokre av desse områda:

  • M365 og Microsoft løysingar i sky og lokalt i vårt felles nett
  • HP Aruba og Clearpass evt og Cisco løysingar.
  • Vmware
  • Citrix
  • Veeam backupløysingar

Førarkort for bil er nødvendig

Personlege eigenskapar

Me søker deg som likar å jobba sjølstendig, men og vera del av eit team.

Det er ynskjeleg at du kan dela informasjon og er genuint interessert i faget. 

  • Gode relasjons- og samarbeidsevner 
  • At du er trygg, tydeleg, strukturert og systematisk
  • At du har evne til å inspirera, rettleia, tenkja nytt og jobba målretta med utfordringar
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftleg og munnleg
  • Engasjement og fleksibilitet
  • At du evnar å arbeida systemretta, ser heilskapen og vil vera med å utvikla Kvam herad

Vi tilbyr

  • Du får ein jobb med variert arbeid i eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø
  • Kontor på rådhuset si IT avdeling.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Moglegheit for heimekontor når det er behov for det.

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Hans Christian Berstad, IT-leiar, +47 97063525

Arbeidsstad

Grovagjelet 16
5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 4858076177
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kvam herad orgnr: 973953540
Kort om arbeidsgiver

Oppdag Kvam – framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av  regionsenteret vårt Norheimsund.

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam – i hjarta av Hardanger! Les meir

Webside http://www.kvam.kommune.no
Bransje IT
Yrke Utvikling
Sted NORHEIMSUND (Adresse: Grovagjelet 16 Postnr: 5600)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3c2963f1-90bc-47e8-9657-ac9c15b7b860
IMPORTAPI