IT-driftsteknikar – Høgskulen i Volda

IT Development

(4 days ago)

  • VOLDA
  •  Post Date: 21. November 2024
  •  Expire date: 16. December 2024
Job Description

Published 21-11-2024
Deadline: 16-12-2024

 

IT-driftsteknikar

Om stillinga

Ved Høgskulen i Volda er det ledig fast 100 % stilling som IT-teknikar frå 01.02.2025.

Arbeidsoppgåver vil omfatte brukar- og driftsstøtte til studentar og tilsette.

Høgskulen i Volda brukar m.a. Windows- og Linux-serverar, Microsoft 365, Teams og VMware. På nettverk og trådlaust bruker vi Cisco.

Stillinga er knytt til IT i Fellesadministrasjonen, som har ansvar for drift av høgskulen sine sentrale IT-løysningar. IT-sjef er næraste overordna.

Kvalifikasjonar

Det vert stilt krav om fagbrev IKT-servicefag eller anna relevant utdanning og arbeidserfaring. Arbeidsoppgåvene kan verte endra.

Det vil vere ein fordel med relevant praksis og kjennskap til universitets- eller høgskulesystemet. Vi legg vekt på gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

Søkjaren bør ha god evne til samarbeid, fleksibilitet og kommunikasjon, vere kreativ og løysingsorientert og opptatt av å yte sørvis. Ein må kunne arbeide både sjølvstendig og i team. Ved vurdering av søkjarane vil dei personlege eigenskapane bli vektlagt.

 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg ansvar for IT-hjelp
  • Brukarstøtte tilsette og studentar
  • Klargjering og utplassering av IT-utstyr
  • Klientdrift
  • Drift av AV-utstyr

 

IT-hjelp er vår førstelinje og består i dag av to IT-driftsfag-lærlingar. IT-teknikar vil utgjere førstelinje brukarstøtte og koordinere oppgåver til lærlingane, samt ha hovudansvar for ticket-systemet.

 

Søkjaren bør ha erfaring frå arbeid med:

  • Active Directory
  • Microsoft 365
  • Intune/SCCM
  • Audiovisuelt utstyr
  • Klient- og serverdrift

Vi tilbyr

HVO tilbyr eit hektisk og spanande arbeidsmiljø med stor breidde i arbeidsoppgåvene.

Som vår nye kollega vil du få:

  • Engasjerte kollegaer 
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Tilsettgode og fordelar, mellom anna moglegheiter for trening i arbeidstida 

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ:  

IT-teknikar, stillingskode 1136, driftsteknikar kr. 523500-557100 per år. 

Arbeidstida er 37.5 timar pr. veke.

Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne  gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte IT-sjef, Stig Flåskjer 70 07 51 67.

Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på www.hivolda.no

 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Høgskulen i Volda orgnr: 874855502
Kort om arbeidsgiver

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

 

Webside http://hivolda.no
Bransje IT
Yrke Utvikling
Sted VOLDA (Adresse: Joplassvegen 11 Postnr: 6103)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 16-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0937669c-8fe0-46cb-9487-bfa4283a983b
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/271278